Tre millionar kroner til Polarstar
SELFANGST: Bilde frå då Polarstar dreiv selfangst. No får skute to millionar jkroner i støtte i år, og tilsagn om ytterlegare ein million kroner neste år. 
Nytt

Tre millionar kroner til Polarstar

Riksantikvaren har tildelt selfangtskuta Polarstar to millionar kroner i år, og ein million kroner neste år.

12.03.2019
Totalt har Riksantikvaren fordelt 63 millionar kroner til fartøyvern i 2019, vert det opplyst i .
Dt er om lag 250 historiske fartøy på Riksantikvaren si verneliste. 14 av fartøya er freda, dei andre har status som verna skip.
− Fartøyvernet gjer historia vår levande og tilgjengeleg. Landet rundt blir det gjort eit viktig arbeid for at disse flotte, gamle skipa skal vere i god stand.
- Fartøya fortel om Norges maritime historie. Det er viktig at staten bidreg med pengar til istandsetjing, slik at vi alle kan forstå meir av denne stolte tradisjonen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen, i pressemeldinga.

Prioriterer større restaureringar

Riksantikvaren opplyser at ein i år har prioritert fartøy som nærmar seg ferdigstilling av større restaureringar. Eksempel på dette er fraktefartøyet Anne Bro frå 1911, passasjerfartøyet D/S Bjoren frå 1867, fraktefartøyet M/S Brandbu frå 1907, ruteskipet Børøysund frå 1908, oppmålingsskipet Hansteen frå 1866, fiskefartøyet M/S Hermes frå 1937, lokalbåten Hvaler frå 1892 og passasjerfartøyet M/S Riskafjord ll frå 1864.
Men i tillegg har nyrenoverte Polarstar frå Brandal fått betydeleg støtte, med to millionar kroner i år og tilsagn om ytterlegare ein million neste år.
Stålskuta frå 1948 var sist på selfangst i Vestisen i 2007, og er no tilbake på Brandal etter å ha vorte renovert i Polen.

Søknader frå 134 fartøy

I tillegg til Polarstar, får Bilfergen 57.000 kroner i støtte i Møre og Romsdal.
I Sogn og Fjordane er det gitt 4.371.200 kroner i støtte til Stavnes, 500.000 kroner til Stangfjord og 50.000 kroner til Solundir.
Riksantikvaren opplyser at for 2019 kom det inn søknader frå 134 fartøy på til saman nesten 260 millionar kroner.
Riksantikvaren hadde rundt 63 millionar kroner til fordeling, som dekker omtrent 25 % av den samla søknadssummen.

Det er viktig at staten bidreg med pengar til istandsetjing, slik at vi alle kan forstå meir av denne stolte tradisjonen

Publisert: 12.03.2019 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32