Lene Trude Solheim og Botholf Stolt Nielsen foto Ogne
ERSTATTAR: Avtroppande dagleg leiar i Næringsforeningen Ålesundregionen, Lene Trude Solheim, og styreleiar Botholf Stolt Nielsen. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Må finne Solheim-erstattar

Går snart i gang med ein rekrutteringsprosess.

Botholf Stolt Nielsen har berre ros å gi til Lene Trude Solheim.

– Lene Trude har gjort ein god jobb, og vil bidra godt i NHO som regiondirektør.

Han er styreleiar i Næringsforeningen Ålesundregionen, og ho troppar snart av som dagleg leiar for å bli regiondirektør i NHO Møre og Romsdal.

Stolt Nielsen trur at det er bra for NHO å få inn ein person med hennar kompetanse, sidan ho kjenner næringslivet og foreningane langs kysten godt.

Må rekruttere
No må Næringsforeningen finne ein erstattar for Solheim. Denne prosessen vil starte relativt raskt, ifølgje styreleiaren.

– Denne månaden vil gå på å lyse ut stillinga. Kor lang tid det tek å få tak i ein erstattar avhenger av kandidatane.

Han trur likevel at næringslivet i regionen ser viktigheita av både sterke næringsforeningar og NHO til å fremje interessene deira.

Difor reknar Stolt Nielsen med at dei vil finne gode kandidatar.

Trur på godt samarbeid
Lene Trude Solheim seier til NETT NO at ho vil bidra til eit sterkare samarbeid mellom NHO og næringsforeningane.

Det blir istemt av Stolt Nielsen.

– Eg trur vi kjem til å få eit godt samarbeid.

Dei siste åra har næringsforeninga hatt ei stor auke i medlemmar. Dette arbeidet trur Botholf at Solheim vil fortsetje med for NHO.

Publisert: 07.11.2023 11:45

Sist oppdatert: 07.11.2023 11:41

Mer om