Lene trude solheim foto marius
MEIR SAMARBEID: Dagleg leiar Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen vil ha meir samarbeid med andre næringsforeiningar på Sunnmøre. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Næringsforeiningane på Sunnmøre samlast

Skal finne ut korleis dei skal samarbeide meir og betre.

15.05.2023

27. juni år samlasta næringsforeiningane på Sunnmøre til idemyldring i Ålesund.

– Korleis kan vi får meir kraft ved å samarbeide.

Det er målet å få svar på , fortel dagleg leier Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen.

Dele på oppgåver
I tillegg til Næringsforeningen Ålesundregionen - som Haram Nærings og Innovasjonforum er ein del av - er næringsforeingingar på Vestnes, søre Sunnmøre, Sykkylven og representantar frå Giske og Sula inviterte med på møtet.

Solheim håpar dette blir starten på eit varig samarbeid som gjer næringsforeiningane meir slagkraftige og effektive. Det er ikkje eit poeng at alle skal sitte kvar for seg og arbeide med dei same sakene.

– Eg vil ha jamnlege møte for å identifiserer relevante saker, dele informasjon og fordele oppgåver, seier Solheim.

Ikkje samanslåing
Solheim understrekar at samanslåing av næringsforeiningar ikkje er eit tema. Det samarbeid mellom sjølvstendige næringsforeiningar det er snakk om.

Naeringsforeiningar styrkjer samarbeidet
NÆRINGSFOREININGAR PÅ SØRE SUNNMØRE ETABLERTE I 2020 EIT TETTARE SAMARBEID: Bak frå venstre: Daniel Garden (Ulstein), Oddbjørn Indregård (Sande), Roar Vikene (Volda), Idar Flø (Hareid), Odd Magne Vinjevoll (Ørsta) og Tor Inge Nygård (Vanylven). Framme: Merethe Hjertø Flusund (Herøy) og Julie Sundgot (Hareid). Arkivfoto: Ogne Øyehaug

Næringsforeiningane i Hareid, Ulstein, Herøy, Vanylven, Ørsta og Volda, og Sande kommune starta i 2020 eit tettare samarbeid.

Haram Nærings og Innovasjonsforum er blitt ein del av Næringsforeningen Ålesundregionen, som forsterka medlemsveksten til Næringsforeningen Ålesundregionen.

Publisert: 15.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 15.05.2023 00:09

Mer om