Maa ha nye pengar
GRÅTT OG SVART: Simulatorsenteret i Fosnavåg retta seg inn mot offshoremarknaden, men fekk oljenedturen rett i ansiktet like etter opninga.
Nytt

Må ha nye pengar

Simulatorsenteret i Fosnavåg med tilsaman 65 millionar i minus etter fem år.

09.08.2019
Ein god start ved opninga i 2014 vart raskt avløyst av ei langvarig krise for Fosnavåg Ocean Academy. Då oljeprisen fall og skapte krise for offshoreverfta tørka også den forventa marknaden for kurs og trening i simulatorsenteret inn.

Det samla resultatet før skatt Fosnavåg Ocean Academy frå og med 2014 er 65 millionar kroner. Driftsinntektene i same periode er på 6,5 millionar. I fjor var underskotet før skatt 2,5 millionar kroner og driftsinntektene ein million, i følgje årsmeldinga til selskapet.

Store nedskrivingar

Mangel på inntekter gjer at utstyret på simulatorsenter er skrive ned med tilsaman 39 millionar kroner, men sjølv utan nedskrivingane ville selskapet gått med eit stort underskot.
Den første nedskrivinga, på 30 millionar kroner, kom i 2015.
- Vi må få til eit heilt anna aktivitetsnivå, og vi må greie å fylle på med andre kundar enn offshore om dette skal gå bra, sa dåverande styreleiar Karsten Sævik etter at 2015-reknskapen blei offentleggjort.

Aktiviteten kom ikkje

Men aktiviteten Sævik etterlyste kom ikkje. Etter nedskrivinga i 2017 og nytt underskot i 2018 (sjå tabell, om du les på mobil finn du tabellen nederst på sida) har selskapet ein negativ eigenkaptial på 6,5 millionar kroner.
Selskapet har ei langsiktig gjeld på 20,1 millionar kroner og bankane har gitt selskapet frist ut 2019 med å få ny eigenkapital på plass. Kravet er ein eigenkapital som utgjer minst 25 prosent av eigenkapitalen.
Bankane har også gitt utsetting ut 2019 på betaling av avdrag. For å få den utsetjinga gjekk aksjonærane i fjor haust med å å tilføre selskapet nok likviditet til at det kan gjere opp for seg i år.

Brønnbåtpengar

I 2016 gjekk brønnbåtreiarlaget Sølvtrans inn som medeigar saman med Olympic Shipping, Havila Shipping og Remøy Shipping og starta kursing av eigne mannskap i 2018.
Men Sølvtransaktiviteten var ikkje nok til å løfte Fosnavåg Ocean Academy ut av nedturen.
Dei fire reiarlaga eig kvar 25,752 prosent i selskapet. Stq as er den femte aksjonæren, med knapp ein prosent eigarandel.
Dagleg leiar er Alexander Leine. Han tok over etter Håvard Stave som slutta tidlegare i år for å byrje som sals-og marknadssjef hos skipsdesignselskapet Skipskompetanse. Leine eig selskapet Fosnavåg Kompetansesenter som er største eigar i Stq as.

Publisert: 09.08.2019 11:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38