Grande Fjord Hotel innfelt Aleksander Grande foto Grande Fjord Hotel 11
MÅL OM LØNNSEMD: Den familieeigde reiselivsbedrifta blir leia av Aleksander Grande. Han fortalde til Nett No tidlegare i år at dei er klare for å tene pengar etter store investeringar. Foto: Grande Fjord Hotel
Nytt

Må redusere arbeidsstokken etter nye minusår

Geiranger-hotell styrer mot nytt underskot i år.

Marius Rosbach
17.12.2024

Grande Fjord Hotel fekk eit nytt underskot i 2023, og styrer mot minus også i år. 

Det går fram av rekneskapen som Geiranger-hotellet no har levert. 

Færre tilsette og nye lån er mellom grepa som skal sikre at selskapet klarer å halde hovudet over vatnet. 

Om tiltaka som er innført ikkje lukkast, vil det vere vesentleg usikkerheit kring den vidare drifta, heiter det i årsmeldinga datert førre veke. 

Underskot i fjor - og nytt minus i år
Inntektene held fram med å peike opp i fjor etter at reiselivsbedrifta har gjort store investeringar dei siste åra. 

Ei omsetning på drygt 20 millionar var likevel ikkje nok til å hindre eit nytt underskot, ettersom kostnadene samtidig auka vesentleg. Resultat før skatt enda på kring to millionar i minus (sjå tabell under). 

Trenden med auka kostnader har halde fram i 2024, og difor ligg det an til underskot også i år, skriv styret i årsmeldinga. 

Det er venta at et nytt minusresultat vil føre til at eigenkapitalen er tapt. Difor er det gjort ein rekke grep for å betre økonomien. 

Grande Fjord Hotel As  
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt20,217,7
Driftsresultat-0,90,2
Resultat før skatt-2-0,5

Planlegg å redusere med fem tilsette
Satsinga til Grande Fjord Hotel dei siste åra, har auka arbeidsstokken frå 9 til 12 årsverk frå 2022 til 2023. 

Framover blir dei færre, og styret anslår ein reduksjon på fem tilsette i 2025. 

Det er óg teke opp eit nytt lån i 2024, og aksjonærar som vil stille opp med ytterlegare lån ved behov. Det er vidare planar om å selje driftsmidlar for å tilføre pengar.

Styret skriv at dei ventar økonomien vil vere pressa fram til oppstart neste sesong våren 2025. 

Har mål om tilnærma heilårsdrift
Framover er det utsikter til at hotellbygget som stod ferdig i år, med eigne luksussuitar, serverings- og konferanselokale - og eit eige brenneri, vil auke omsetninga vesentleg.

Målet er tilnærma heilårsdrift for den familieeigde bedrifta. 

Hotellsjef Aleksander Grande fortalde til Nett No på seinsommaren at rekneskapane deira har vore prega av krevjande byggeperioder. 

– Men det vil betre seg framover, og no skal vi begynne å tene pengar, la han til. 

Publisert: 17.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.01.2025 10:12

Mer om