Christian Strand Halstensen styreleiar Fiskebat arsmote 2023 foto Ogne
UVISSE OM UTFALLET: Styreleiar Christian Strand Halstensen og resten av styret i Fiskerbåt møttes i går, for å diskutere om Fiskebåt framleis skal vere med i Norges Fiskarlag. Biletet er frå Fiskebåt sitt årsmøte i februar 2024. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Må vente på avklaring

Fiskebåt-styret ikkje klar til å gå ut med råd om organisasjonen bør melde seg ut av Norges Fiskarlag.

06.11.2024

Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåen og er ein av tre underorganisasjonar i Norges Fiskarlag.

Langvarig misnøye med maktfordelinga i Norges Fiskarlag er bakgrunnen for at Fiskebåt vurdere utmelding av Norges Fiskarlag. Fiskebåt sitt krav er lik representasjon i Norges Fiskarlag for dei tre underorganisasjonane, Fiskebåt, Sør-Norges Fiskarlag og Nord Fiskarlaget. 

Det er eit krav også Sør-Norges Fiskarlag støttar. Fiskebåt vil også begrense høvet til å foreslå og få gjennom vedtak i Norges Fiskarlag om endringar i fordelinga av fiskekvotane.

Nord Fiskarlag  har flest representantar per i dag og dermed negativ fleirtal. Det betyr at Nord Fiskarlag kan blokkere framlegg det ikkje likar. Den makta vil Nord Fiskarlag ikkje gi frå seg og på landsmøtet til Nord Fiskarlag i oktober sa organisasjonen nei til Fiskebåt sine krav.

Ballen hos Fiskebåt
Vedtaket i Nord Fiskarlag plasserte ballen hos Fiskebåt, som hadde styremøte i går. 

På styremøtet var medlemskapet i Norges Fiskarlag tema. Det var venta at styret ville kome med ei tilråding til årsmøtet,  men Fiskebåt gjekk ikkje ut med nokon konklusjon om utfallet etter møtet. Styreleiar Christian Strand Halstensen sa i går kveld at det kan kome informasjon i dag.

Årsmøte i februar
Fiskebåt skal ha sitt årsmøte i februar 2025. 

Det er det årsmøtet som kan avgjere om organisasjonen skal melde seg ut av Norges Fiskarlag eller ei. Styret gir berre ei tilråding, og det rådet er førebels ikkje klart.

Sør-Norges Fiskarlag hadde sitt årsmøte i Ålesund i førre veke, og stadfesta at organisasjone ønskjer å halde Norges Fiskarlag samla.

- Situasjonen er blitt beskrevet som ein gordisk knute og akkurat no føler eg igjen at vi er «ein uskuldig part i midten» som skal tilpasse oss krav frå fleire hald, sa styreleiar Terje Eriksen i  Sør-Norges Fiskarlag i si årsmøtetale.

Publisert: 06.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 05.11.2024 20:35

Mer om