Ekornes Ruihai Zhao Tine Hammernes Leopold foto Marius
SYKKYLVEN: Ekornes-eigar Ruihai Zhao og konsernsjef Tine Hammernes Leopold testar Stressless-en ved inngangen til hovudkontoret i Sykkylven. Den kinesiske eigaren meiner møbelprodusenten ligg godt an til å nå måla dei har sett seg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ekornes-eigar ser resultat av omlegging

Ruihai Zhao angrar ikkje investeringa og ser lyse utsikter for sin norske møbelfabrikk.

Marius Rosbach
01.11.2024

Denne veka har Ekornes-eigar Ruihai Zhao vore på besøk i Sykkylven. 

Nett No møtte medeigaren og sjefen for Qumei Home Furnishing Group til ein prat om møbelmarknaden, framtida og investeringa det kinesiske selskapet gjorde for kring seks år sidan. 

Sidan Qumei tok over som eigar av Norges største møbelprodusent har dei vore gjennom både brems og boom som følgje av koronapandemien. 

Etterpå har dei hamna i det som bransjesjefen i Norsk Industri meiner er den tyngste bølgjedalen på 20 år.

Mr. Zhao er likevel både optimist og i godt humør då han tek i mot journalisten på hovudkontoret i Sykkylven. 

Kinesaren er også tydeleg på at han er nøgd med kjøpet av Ekornes.

– Vi meiner investeringa var rett og har vore god. Sjølv om vi har møtt utfordringar, har vi også takla store omveltingar i den globale økonomien - og vi styrer framleis mot eit bra mål, seier han. 

Han understrekar også – som dei har gjort frå starten i 2018 – at dei tenker langsiktig som eigarar både når det gjeld Ekornes og Qumei. 

Ekornes Ruihai Zhao foto marius
LANGSIKTIG EIGAR: Ruihai Zhao understrekar at dei har eit langsiktig perspektiv på eigarskapen i Ekornes. Foto: Marius Rosbach

Har lagt ny strategi
I møte med bransjeutfordringane har Ekornes teke ein rekke grep, som konsernsjef Tine Hammernes Leopold nyleg fortalde om i eit intervju med Nett No. 

Meir merksemd om merkevarebygging og ein meir straumlinjeforma organisasjon er stikkord for retninga som er staka ut.

– Vi jobbar med å gjere selskapet meir internasjonalt, samtidig har vi auka merksemda kring bruk digital marknadsføring og tilsett ny leiing. Også operasjonelt gjer vi ein rekke grep for at selskapet skal kunne møte framtida best mogleg, seier Zhao.

– Vi ser at effektane har starta å gjere seg gjeldande, legg han til. 

Det siste kan konsernsjefen stadfeste. Etter at det er laga ein detaljert strategi for vegen vidare, ser ho at dei prioriterer likare gjennom konsernet. 

– Etter berre kort tid ser vi tydeleg at den nye organiseringa vil vere ein effektiv måte å drive konsernet på, seier ho. 

Ny leiargruppe er noko toppsjefen har brukt mykje tid på, og nyleg ble det klart at Henrik Bodekær Thomsen er tilsatt som salsdirektør. Fra 1 februar er dermed ny konsernleing komplett.

– På kort sikt er vi mest opptekne av ordreinngang, og vi har sett i verk tiltak i alle segment for å sikre oss best mogleg. Vi ser at det kompenserer ein del for det som i utgangspunktet er ein tøff marknad, legg Leopold til. 

Siktar mot ti prosent resultatmargin
Zhao seier han er svært nøgd med konsernsjefen sin innsats første året som Ekornes-sjef, og fortel at dei samarbeider godt. 

– Vi er klare til å takle dei utfordringane som ligg framføre oss, og eg ser ingen hindringar for at vi skal klare å nå måla vi har sett oss, seier Zhao. 

Ekornes-resultata som kom denne veka viste underskot, men ordreinngangen gjer at det er venta betre lønnsemd i neste kvartal. 

Konsernsjefen fortel at dei siktar betydeleg høgare. 

– Vi har ambisjonar om å kome over ti prosents resultatmargin. Det er ambisiøst, men vi har ein strategi som går over tid og som gjer at vi trur det er mogleg, seier Leopold. 

Samtidig legg ho ikkje skjul på at det vil vere krevjande - noko ho også har vore tydeleg på ovanfor dei tilsette.

Kina-sal har ikkje slått til
Då Qumei kom inn som Ekornes-eigarar var det forventingar til at den kinesiske marknaden kunne vere med å løfte møbelsalet til nye høgder. 

Så langt har det ikkje slått til. I første kvartal i år stod salet i Kina for 1,4 prosent av konsernet sine samla inntekter. 

– Møbelindustrien i Kina er annleis enn i Europa og Vesten, og sterkare knytt til eigedom- og bustadbransjen. Om folk kjøper eit nytt hus, kjøper dei gjerne også møblar. Men om det er svingingar i marknaden, så påverkar det vår bransje, seier Zhao. 

Og økonomiske svingingar har det vore flust av dei siste åra – både her heime og globalt. 

– Den kinesiske marknaden har opplevd dei same utfordringane som elles i verda. Den siste tida har vi sett eigedomsprisane gå ned og industrien i Kina er påverka av utfordringane i makroøkonomien, seier han. 

– Samtidig er det mange menneske i Kina som ønsker å betre liva sine og gjere det meir komfortabelt, legg Zhao til. 

Ekornes lastebil trailer eksport hovudkontor Sykkylven foto Marius
VENTAR MEIR SAL: Oppsving i ordreinngangen i september gjer at Ekornes ventar betra lønsemd i fjerde kvartal, fortalde møbelkonsernet denne veka. Foto: Marius Rosbach

Tungt år på Shanghai-børsen
Heime på Shanghai-børsen er aksjekursen til Qumei Home Furnishing Group falle betydeleg i  løpet av året.

Zhao er likevel optimistisk og fortel at det er gjort store grep også i denne delen av verksemda. 

– Vi har gjort tiltak for å betre prestasjonane og resultata våre. Mellom anna oppdaterer vi forretningsmodellen og organisasjonsstrukturen. Ved slutten av året vil dette vere på plass, fortel han. 

– Vi vil betre produkta og tenestene slik at dei møter trendane i marknaden, og vil jobbe hardt for det i åra framover, legg han til.

Trass utfordringane i økonomien, trur Zhao trur at salet i den kinesiske marknaden vil ta seg opp. 

– Kinesiske styresmakter har lagt fram fleire tiltak som skal stimulere til meir aktivitet. På lang sikt er vi optimistiske både med tanke på Kina sin økonomiske framtid og for våre verksemder, seier han.

Utelukkar ikkje fleire Norge-investeringar
Eigaren er på norgesbesøk for å følgje med på utviklinga av eit nytt produkt. Då vi spør om han kan fortelje meir om det, kjem eit kontant «nei» frå Ekornes-sjef Tine Hammernes Leopold frå sidelinja. 

Zhao ler og fortel at han reknar med å vere tilbake i Sykkylven i løpet av eit par månader for å få vite meir om prosessen. 

– Eg synes det er kjekt å få jobbe saman med teamet som jobbar med produktutvikling. Det er ein gjensidig inspirasjon som også eg lærar av, fortel han. 

På kort sikt har den kinesiske Ekornes-eigaren ingen konkrete investeringsplanar i Norge. 

– Prioriteten for augneblinken er å gjere Ekornes sterkare og større. Om vi når det målet, er det sannsynleg at vi vil sjå på andre moglegheiter for investeringar i Norge, fortel Zhao.

Publisert: 01.11.2024 09:11

Sist oppdatert: 01.11.2024 09:19

Mer om