Årets bransjetreff torsdag 31. oktober er det femte i rekka og skjer i eit år der norsk møbelbransje framleis slit med nedturen etter boomen under koronapandemien.
– Det er tøffe tider for norske møbelprodusentar. Dei fleste merkar etterspørselsfallet og dyrtida. Medan øvrig designeksport har auka dei siste åra har møbeleksporten stått stille, seier bransjesjef for blant anna møbel i Norsk Industri.
Nokre faktorar medverkar til å gjere livet litt lysare for møbelindustrien, andre trekkjer ned.
– Både dei som produserer for forbrukarmarknaden og dei som leverere til kontraktmarknaden - det vi seie til kontor, nye bygg og hotell og restaurantar - merkar uro, sjølv om det er teikn som kan tyde på at etterspørselen vil ta seg opp igjen. Reallønsvekst og sjansen for lågare rente dreg i positiv lei, men nedgang i bustadbygging og svakare kommunebudsjett vil drage i motsett retning, seier Sundet.
Meir samarbeid
Arrangøreren, Norsk Industri, prøver å stimulere til meir samarbeid i bransjen, som eit mottrekk mot tøffare tider.
Temaet for årest treff er bransjesamarbeid i ei omstillingstid, og programmet byr på fleire døme på bransjeinitiativ som viser ei offensiv tilnærming til utfordinganen møbelbransjen har, heiter det i pressemeldinga.
Per i dag er det 75 påmelde til arrangementet og arrangøren reknar med at i alt omlag 100 personar vil delta.
Eitt av trekkplastra på bransjetreffet er utdeling av møbelbransjens pris til møbeldesignarar, Rellingprisen. Den blir delt ut annakvart år.
Les også
Etterlyser tiltak
I pressemeldinga etterlyser Norsk Industri stabilitet i skattepolitikken og peikar på formuesskatten som eit problem for å bygge opp eigenkapital og investeringsevne i bedriftene.
Norsk Industri har i fleire år arbeidd for avskrivingsreglar og investeringsstøtte som verkemiddel for å stimulere til investeringar i norsk møbelindustri, og vil målbere dei synspunkta på årets møbeltreff.
Publisert: 28.10.2024 15:53
Sist oppdatert: 28.10.2024 20:00