Helge gjerde innovasjon norge 22
BEST I LANDET: Regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal mener årets eksporttal for fylket er bra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Møre og Romsdal er framleis eksportmeistrar

Eksporterte for nær éin million for kvar sysselsett i fylke.

Marius Rosbach
10.03.2026

Norsk eksport utanom olje og gass var i 2025 på eit historisk høgt nivå på 1.400 milliardar kroner, viser årets eksportmelding laga av Menon Economics. 

Møre og Romsdal er igjen det fylket med høgast eksportintensitet med største eksport per sysselsett med 907.000 kroner. 

– Vi ser at eksporten frå fylket legg grunnlaget for ei betydeleg sysselsetjing i fylket. Faktisk var over 30 000 arbeidsplassar i fylket knytte til eksport utanom olje og gass. Det er veldig bra, uttaler regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal i ei pressemelding. 

Sunndal, like framfor Ålesund er dei største eksportkommunane, og eksporten blir driven av sjømat, kraftintensiv industri og maritim næring.

Eksport per sysselsatt fylker
MØRE OG ROMSDAL PÅ TOPP: Tal for eksport per sysselsett i alle fylker, utanom olje og gass i 2025. Kjelde: SSB og Menon Economics 1

Vestlandsfylka dominerer 
I absolutte tal er Møre og Romsdal det 4. største eksportfylket her til lands. Vestland er størst, mens Oslo og Rogaland følger på plassane bak. 

Total eksport inkludert olje- og gassbransjen, var på 2.500 milliardar kroner, som gjer 2025 til det nest beste eksportåret i alt. 

Dette er sjette året en slik rapport blir lag på oppdrag frå Innovasjon Norge, Eksfin og LO.  

Les heile rapporten (ekstern lenke til pdf)

Maritim næring størst
Maritim næring eksporterte mest av alle bransjar i 2025, med ein samla eksportverdi på 273 milliardar kroner. Kraftintensiv industri og sjømatnæringa kjem på 2. og 3. plass over dei største eksportnæringane. 

Forsvarsindustrien hadde den sterkaste eksportveksten i 2025, med ei auke på 28 prosent, til nær 21 milliardar kroner. 

Publisert: 10.03.2026 10:21

Sist oppdatert: 10.03.2026 11:03

Mer om