Helge Gjerde Innovasjon Norge Foto Marius 22
MINDRE MARITIMT: Framleis er det overvekt med bedrifter knytt til havet som får støtte frå Innovasjon Norge Møre og Romsdal, men porteføljen er blitt meir variert, fortel regiondirektør Helge Gjerde.
Nytt

Innovasjon Norge-direktør svarar på kritikken

I takt med at det blir mindre pengar til Innovasjon Norge, vrir dei pengestraumen mot eksisterande vekstbedrifter.

Marius Rosbach
18.02.2026

Tal frå fjoråret viser at Møre og Romsdal ligg på topp blant alle fylka i landet med 1,3 milliardar kroner i lån, garantiar og tilskot frå Innovasjon Norge. 

Trass i at Vestland har betydeleg fleire innbyggarar, kjem dei på 2. plass, nokre få titals millionar bak. Det er også ny rekord for for støtte til bedrifter i fylke, med unntak av pandemiåret 2020.. 

Meir om det seinare. 

Om Frp hadde fått det som partiet vil, hadde desse pengane truleg aldri blitt bevilga. 

– Mykje snakk om offentleg sløsing 
Då Nett No møter regiondirektør Helge Gjerde for å snakke om kva det statlege verkemiddelapparatet har gitt av støtte i året som gjekk – er den politiske motstanden eit naturleg tema.

– Både politisk og i delar av næringslivet har det vore mykje snakk om offentleg sløsing når det gjeld kva det blir brukt pengar på. Det er eit bilde vi ikkje kjenner oss igjen i, seier han.

Gjerde påpeiker at Innovasjon Norge skal tole kritiske blikk på det dei held på med, og at dei heile tida jobbar med å bli meir effektive.

– Men tidvis opplever eg at dei som til eksempel ropar høgast i diverse media, er dei som veit minst om kva vi faktisk held på med - og ikkje minst den dokumenterte effekten av arbeidet, seier han. 

Meir merksemd mot vekstbedrifter
Regiondirektøren er også ope om at dei alltid kan gjer ein betre jobb. 

– Vi skal gå inn der det finst ein marknadssvikt. Det kan være prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønnsame, men der det bedriftsøkonomisk ikkje er samsvar mellom risiko og avkastning. Då kan vi gå inn og avlaste risikoen og tilføre kapital, seier Gjerde. 

Han understrekar at finansiering frå Innovasjon Norge alltid skal utløyse privat kapital, og ofte skjer saman med en kommersiell bank.

Han erkjenner samtidig at han gjerne skulle sett fleire selskap som klarte å ta steget opp som verkelege vekstbedrifter her i fylket.  

Framover vil Innovasjon Norge i Møre og Romsdal rette meir merksemd mot nyskapinga vekstbedrifter – ikkje minst  «spin off-ar» frå eksisterande industri. 

– Vi trur det er eit større potensial å hente her, seier han.

– Er ein av mange aktørar som kan bidra
Noko av det som gjer Helge Gjerde ein smule oppgitt, er at det verkar vere tverrpolitisk semje om at det blir satsa for lite på innovasjon, internasjonalisering, forsking og utvikling – samtidig som politikarane reduserer løyvingane til slike budsjettpostar. 

– Vi meiner at Innovasjon Norge er ein viktig aktør som kan bidra til at det skjer meir på desse områda, men når det kjem til realitetane i statsbudsjettet sist, blei det kutta store beløp i vår verksemd, legg han til.

Han er tydeleg på at pengane absolutt ikkje «sitt laust», og at det blir gjort grundige undersøkingar for Innovasjon Norge går inn med finansiering. 

– Næringslivet her i fylket går veldig bra
At Møre og Romsdal plasserer seg på topp i landet over fylka som får støtte frå Innovasjon Norge, tek Gjerde som eit teikn på at det er god aktivitet i fylket.

Det blir snakka mykje om problem med rammevilkår og skatt, noko vi har forståing for. Men når nokon hevdar det ikkje er mulig å utvikle og drive industri og næringsvirksomheit i dette landet, er det ei beskriving vi ikkje kjenner oss igjen i, seier han. 

– Opplevinga frå vår ståstad er at store delar av næringslivet her i fylket går veldig bra, legg han til. 

Det er ei oppfatning som blir delt, til eksempel i oppsummeringa i det nyaste Nett No-magasinet.

I underkant av 900 milionar av dei 1,3 milliardar kronene som gjekk til bedrifter i Møre og Romsdal i fjor, var lån. Kring 100 millionar var garantiar og i overkant av 300 millionar var rein støtte. 

Meir variert enn tidlegare
Framleis er det kring 60 prosent av bedriftene i porteføljen til Innovasjon Norge her i fylket, kjem frå bransjar knytt til havet. 

Gjerde fortel at dei samtidig opplever ein større breidde blant bedriftene dei jobbar med her i fylket. 

– Det er ei større sektorspreiing enn før, og det kjem etter ei bevisst satsing frå vår side. Vi har til eksempel fleire som driv innan teknologi, helse, bioindustri og energi, seier han. 

Publisert: 18.02.2026 05:00

Sist oppdatert: 18.02.2026 07:08

Mer om