Det islandske Hampidjan-konsernet eig både Mørenot på Nordvestlandet, Vónin på Island og Fiizk Protection i Trøndelag.
Dei to første selskapa produserer garn, liner, nøter og tauverk for både fiskeri og oppdrett. Fiizk Protection lagar tekniske tekstilar til oppdrettsnæringa.
No blir Mørenotselskapet Mørenot Aquaculture, Vónin-selskapet Vonin Aquaculture og Fiizk Protection slått saman til eitt selskap, under namnet Eldi, fortel Hampidjan i ei pressemelding.
Mørenot-sjef
Thomas Myrvold blir toppsjef i det samanslåtte selskapet, ifølgje pressemeldinga. Han er i dag leiar for Mørenot Aquaculture.
Mørenot Aquaculture har hovudkontoraderesse i Ålesund.
Den norske delene av Mørenot Aquaculture si verksemd hadde 533 millionar kroner i driftsinntekt og minus 183 millionar kroner i resultat før skatt i 2024.
Fiizk Protection hadde 157 millionar kroner i driftsinntekt og ni millioner kroner i resultat før skatt i 2024.
Samla vil det nye selskapet har "mellom ein og to milliardar" kroner i driftsinntekt og inntektene vil vere fordelt omlag 50/50 mellom den norske marknaden og resten av verda, ifølgje Myrvold.
Publisert: 09.12.2025 08:53
Sist oppdatert: 09.12.2025 11:43






