NETTNO-barometeret
Størst er ikkje alltid best. Blant selskapa som lagar garn, nøter, liner, tauverk, presenningar og liknande utstyr for fiske- og oppdrett er det Fiskevegn på Flatraket i Stad kommune som leverer det beste resultatet før skatt i høve til driftsinntektene (resultatmargin).
Med ein resultatmargin på 11,9 prosent er Fiskevegn også det einaste selskapet i Nett No si oversikt med over 10 prosent resultatmargin.
Oppkjøp
Mørenot Fishery og Mørenot Aquaculture er i dag ein del av det islandske Hampidjan-konsernet og var tidlegare eigd av eit fond sett opp av FSV Capital, som kjøpte selskapet frå eigarfamiliane på Nordvestlandet i 2018 - med vekst som mål.
Egersund Group hadde under 600 millionar kroner i driftsinntekt i 2012 før ei rekke oppkjøp medverka til at konsernet i fjor hadde nesten fem milliardar kroner i inntekt.
Det familieigde Selstad-konsernet i Måløy har sjølv hatt friararar på døra, men har helle vald å vere den som kjøper andre, i staden for å bli kjøpt sjølv. Resultatet er mellom annaat konsernet i fjor hadde omlag dobbelt så høg inntekt som i 2019.
Fallande inntekter
Samla sett hadde selskapa i Nett No si oversikt inntektsnedgang i fjor.
2024 var eit krevande år med nedgang i fiskekvotane og ei oppdrettsnæring som framleis var tilbakehalden med investeringane, seier dagleg leiar og største aksjonær Hans-Petter Selstad i Selstad Holding i Måløy til Nett No.
Fordelen for denne bransjen er at den lagar utstyr som kundane må ha for å erstatte det som er brukt og utslitt, slik at det er snakk om utsette og ikkje avlyste investeringar. Hillti i år har ordreinngangen vore rekordstor, sa Selstad til Nett No i juli.
Tabellen under gir ikkje eit fullgodt bilete over Mørenot Aquaculture, som har verksemd i fleire land. Resultatet for 2024 er prega av interne omorganiseringar som mellom anna slår ut i redusert inntekt for selskapet, sjølv om det var ein vekst i salet til eksterne kundar. Rekneskapen inkluderer også ei nedskriving på 133,9 millionar kroner på eit datterselskap i Danmark. Rekneskapen omfattar heller ikkje verksemd i utlandet, men berre drifta i Noreg, ifølgje dagleg leiar Thomas Berg Myrvold.
| Resultatoversikt fiskevegnselskap | ||||
| (Selskap som lagar garn, nøter, liner, tauverk, presenningar og liknande utstyr for fiske- og oppdrett) | ||||
| Tal i mill. Kroner | ||||
| Driftsinntekt | Res.f.skatt | |||
| Selskap | 2024 | 2023 | 2024 | 2023 |
| Egersund Group (konsern) | 4922,5 | 4744,9 | 112,2 | 39,6 |
| Selstad Holding as (konsern) | 968,6 | 1182,1 | -21,5 | 20,9 |
| Mørenot Aquaculture as | 532,6 | 634,7 | -183,2 | -57,1 |
| Mørenot Fishery as | 464,4 | 531,7 | 33,7 | -1,5 |
| Fiskevegn as | 118,7 | 115,8 | 14,1 | 8,4 |
| Frøystad as | 68,5 | 64,7 | 2,0 | 2,2 |
| Plany as | 65,8 | 48,8 | 3,8 | 0,3 |
| Fosnot as (tidlegare Fosnavåg Notbøteri) | 24,2 | 29,0 | -1,0 | 0,8 |
| SUM | 7165,3 | 7351,7 | -39,9 | 13,6 |
Les også
Satte omsetningsrekord i 2024 - og ser lysere på året som allerede er godt i gang.
Maskinparken oppgraderes og flere blir ansatt etter at Fiskevegn-konsernet leverte nok et godt år.
Marginane krympa for fiskevegnbedriftene. Sjå resultatoversikt.
MMC First Process er tilbake på sporet og gjer plass til 60 nye tilsette.
Publisert: 25.08.2025 12:01
Sist oppdatert: 10.11.2025 18:24






