Kronprins Haakon Mørenot sjef Arne Birkeland foto Ogne
FINT BESØK: Kronprins Haakon på besøk hos konsernsjef Arne Birkeland (i midten) i Mørenot under oppdrettsmessa Aqua Nor i 2019. Neste gang han belsøkjer Aqua Nor kan Mørenot vere Islandsk.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mørenot blir islandsk

- For å lukkast i denne næringa må ein vere stor og dekkje heile verda, seier konsernsjefen. 750 tilsette får ny eigar.

17.11.2022

Aksjemajoriteten i Mørenot-konsernet vart kjøpt av eit fond under det skandinaviske investeringselskapet FSN Capital i 2018.

No kjøper det børsnoterte islandske selskapet Hampidjan Mørenot. Mørenot-konsernet har 750 tilsette og hovudkontor i Ålesund. 290 tilsette arbeider i Noreg og 142 av dei i Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane.

Mørenot og Hampidjan lagar garn, nøter, liner, tauverk og liknande utstyr til oppdrett- og fiskeri.

Storparten av betalinga er aksjar i Hampidjan, og handelen verdset Mørenot til 1,1 milliardar kroner, skriv Ilaks, som siterer ei børsmelding som blei sendt ut i natt og gjengitt i Financial Times.

Les børsmelding får Hampidjan her

Positivt
Administrerande direktør Arne Birkeland i Mørenot-konsernet meiner oppkjøpet er godt nytt for Mørenot.

- For oss er det ei veldig positiv nyheit at vår eigar no blir Hampidjan, for det er eit stort internasjonalt selskap som jobbar i same næring som oss og deler fårt syn om at for å lukkast i denne næringa må ein vere stor og dekkje heile verda, seier Birkeland til NETT NO.

Alle dei tilsette blei orientert om kjøpet i dag tidleg seier Birkeland.

Kjøpet må godkjennast av styresmaktene på Island, Grønland og Færøyane og generalforsamlinga i Hampidjan før det kan bli eit eigarskifte.

Indirekte børsnotering
Å gå på børs med eit Mørenot som var blitt dobbelt så stort og den største utstyrsleverandøren internasjonalt var det FSN Capital-partnar Ulrik Smith og investorkollegaene i FSN Capital så på som den optimale utgangen på investeringa i Mørenot, sa Smith til NETT NO i oktober 2020.

- Vi har ein draum om å børsnotere dette selskapet, sa partnar Smith i FSN Capital etter Mørenot-kjøpet. Skal doble Mørenot på fem år.

Den børsnoteringa blir det ikkje noko av no, men Mørenot-eigarane får likevel børsnotert verdiane sine i og med at storparten av betalinga skal skje med oppgjer i aksjar i børsnoterte Hampidjan.

Trekte seg i 2018
Hampidjan var med og baud på Mørenot i 2017/2018, då dei opphavlege eigarane var på jakt etter ein kjøpar, men trekte seg frå konkurransen.

Dei tre største eigarane, med kvar 11,4 prosent av aksjane, var då PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Bodil Larsen og Gro Akselsen eigde kvar sju prosent, medan resten av eigarane eigde under fem prosent kvar.

Før salet til Hampidjan eig ulike fond under FSN Capital-paraplyen 78,55 prosent i Mørenot-konsernet.

Mellom dei andre aksjonærane er ein del av eigarane frå før FSN Capitial-fond blei majoritetseigar. Dei største er PVR og Notloftet, med 2,148 prosent eigarandel kvar.

Publisert: 17.11.2022 10:40

Sist oppdatert: 17.11.2022 23:33

Mer om