Nytt
Mørenot til sals
Mørenot-eigarane har engasjert rådgjevarar for å få seld selskapet.
16.08.2017
Eit prospekt til interesserte investorar er rett rundt hjørnet, og eit eventuelt sal kan vere på plass i løpet av året. Det stadfestar administrerande direktør Knut Berge.
Eigarane har leigd inn Saga Corporate i Oslo for å hjelpe seg med salsprosessen.
Berge rekna med at både aktørar i bransjen og andre investorar kan vere aktuelle kjøparar. Om det blir sal er ikkje avgjort, eigarane vil sondere interessa og eit sal er avhengig av prisen.
No ventar Berge og eigarane at Mørenot og dei andre aktørane i bransjen står føre ei konsolidering.
- Eigarane har snakka om konsolidering i bransjen, og den ser vi kjem. Dette gjer at vi har starta prosessen for å sjå om det er riktig å selge, seier Berge.
Denne veka er selskapet på plass med stor stand på oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim. Kronprins Haakon stoppa på standen under si omvisning på opningdagen tysdag 15. august og fekk mellom anna ei orientering om Mørenot si rolle i den store havmerda som Salmar i haust får på plass utanfor Trøndelagskysten. Mørenot står for tauverk og nøter til merda, som etter planen skal testast ut i haust og få fisk i merdene neste år.
Oppdrettssatsinga til Mørenot går over all forventing, seier Bente Lund Jacobsen, administrerande direktør i Mørenot Aquaculture.
- Formidabel utvikling, vi ligg veldig godt an, seier Lund Jacobsen om utvikling i oppdrettsmarknaden.
Dei tre største med kvar 11,4 prosent er PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Bodil Larsen og Gro Akselsen eig kvar sju prosent, medan resten av eigarane eig under fem prosent kvar.
Konsernet hadde 522 tilsette ved årsskiftet.
Eigarane har leigd inn Saga Corporate i Oslo for å hjelpe seg med salsprosessen.
Berge rekna med at både aktørar i bransjen og andre investorar kan vere aktuelle kjøparar. Om det blir sal er ikkje avgjort, eigarane vil sondere interessa og eit sal er avhengig av prisen.
Ventar konsolidering
Mørenot starta som ein fiskevegnprodusent, og lagar oppdrettsnøter, garn og tauverk. Både oppdrettsnæring og fiskerinæringen er kundar, og i tillegg har selskapet og ein fot innanfor oljebransjen, og leverer mellom anna eigenutvikla deflektorar til seismikk-selskap. (Ein deflektor held kablane bak seismikkskipet frå kvarandre, etter same prinsipp som ei oterfjøl).No ventar Berge og eigarane at Mørenot og dei andre aktørane i bransjen står føre ei konsolidering.
- Eigarane har snakka om konsolidering i bransjen, og den ser vi kjem. Dette gjer at vi har starta prosessen for å sjå om det er riktig å selge, seier Berge.
Rekordinntekt
Mørenot hadde rekordinntekt i fjor, takka vere vekst i fiskeri- og oppdrett. Driftsinntekta for konsernet vart 804 millionar kroner i 2016, resultatet før skatt blei 25,2 millionar kroner.Denne veka er selskapet på plass med stor stand på oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim. Kronprins Haakon stoppa på standen under si omvisning på opningdagen tysdag 15. august og fekk mellom anna ei orientering om Mørenot si rolle i den store havmerda som Salmar i haust får på plass utanfor Trøndelagskysten. Mørenot står for tauverk og nøter til merda, som etter planen skal testast ut i haust og få fisk i merdene neste år.
Oppdrettssatsinga til Mørenot går over all forventing, seier Bente Lund Jacobsen, administrerande direktør i Mørenot Aquaculture.
- Formidabel utvikling, vi ligg veldig godt an, seier Lund Jacobsen om utvikling i oppdrettsmarknaden.
Mange eigarar
Mørenot har heile 23 aksjonærar. Hovudkontoret ligg i Søvika i Haram.Dei tre største med kvar 11,4 prosent er PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Bodil Larsen og Gro Akselsen eig kvar sju prosent, medan resten av eigarane eig under fem prosent kvar.
Konsernet hadde 522 tilsette ved årsskiftet.
Eigarane har snakka om konsolidering i bransjen, og den ser vi kjem. Dette gjer at vi har starta prosessen for å sjå om det er riktig å selge
Publisert: 16.08.2017 14:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12