Møter skjerpa konkurranse i Kina
Ulstein sine verftspartnarar i Kina vil utvikle eige design. Tore Ulstein trur framleis innovasjon er svaret på auka konkurranse.
Heime i Ulsteinvik nærmar arbeidet med cruiseskipet National Geographic Endurance seg ferdig ved Ulstein Verft. Eit nytt vindskip for Bernhard Schulte blei nyleg dokka ut, og den vidare utrustinga er i full gang.
Samtidig har konsernet jobb med ein serie cruiseskip i Kina, der dei har levert design- og utstyrspakkar til skipa som Florida-baserte Sunstone Ships har tinga.
Nye kinesiske krav
I eit intervju med Skipsrevyen nyleg, erkjenner visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulstein Group at han er spent og usikker på korleis marknaden i Kina vil utvikle seg.
Mellom anna fortel verftspartnarane i China Merchants Heavy Industry (CMHI) at dei har fått krav frå styresmaktene om å utvikle sin eigen «intellektuelle kapital», som også inneberer eige skipsdesign, ifølgje Ulstein.
– Vi opplever at det er ei satsing frå kinesiske styresmakter si side. Etterkvart meiner vi det vil gjelde for fleire statlege kinesiske verft, opplyser Tore Ulstein til NETT NO.
Han meiner det vil gjere seg gjeldande uavhengig av kven reiaren er.
Les også: Døypte første cruiseskip med X-Bow
– Kina er konkurrentar, men også samarbeidspartnarar
Fleire enn 50 Kina-prosjekt
Ulstein har likevel ikkje tenkt til å gi opp å selje til Kina. Strategien er at forsprang på design og teknologi framleis skal gjere dei til ein interessant partnar for kinesiske skipsbyggjarar.
– Vi har heile tida vore opptekne av å ligge i forkant for å stadig utvikle nye og smartare løysingar. Innovasjon og berekraft er sentralt i dette arbeidet – det vil det også vere framover, legg Ulstein til.
Dei siste åra har Ulstein Group samarbeidd med ni ulike kinesiske verft på fleire enn 50 prosjekt. Leveransen til CMHI-verfta på opptil ti skip var ein milepåle og – om alle båtane går inn - vil dei sikre milliardinntekter til skipsbyggarkonsernet.
Les også: – Blei mykje større enn vi hadde sett føre oss
USA er også interessant
I intervjuet med Skipsrevyen fortel Ulstein at dei er budd på at Kina ikkje vil ha same behov for leverandørar på sikt, om dei kjem så langt at dei kan utvikle skipa sjølv.
Ulstein peiker også på USA som ein annan interessant marknad: – Dei skal også bygge nokre skip framover no, og dei treng også hjelp, seier Tore Ulstein til nettstaden.
Les også: Sjøsette første eigenbygde for cruise
Satsar 1,3 milliardar på nytt Ulstein-skip
Ser lysning etter nytt blytungt år
Publisert: 06.02.2020 09:22
Sist oppdatert: 03.09.2021 23:44