Naeringskonferansar samlar fulle hus
POPULÆRT: Kleven-styreleiar Kjersti Kleven på Næringskonferansen i Ørsta i mars 2014. Næringskonferansar samlar fulle hus.
Nytt

Næringskonferansar samlar fulle hus

Det er kø av folk som vil på næringskonferansar.

20.03.2015
- Det er stappfullt, seier arrangør Kathrine Flaaten hos Sparebank1 SMN og Sparebank 1 Markets.
Onsdag neste veke samlar ho offshorebransjen i Fosnavåg med situasjonen for offshore-reiarlaga som tema.

Toppsjefar og analytikarar

Opphavleg hadde Flaaten sett ei grense ved 90 deltakarar, men den store pågangen etter at invitasjonen vart send ut i februar gjer at ho har klart å presse inn over 100.
Konferansen i Fosnavåg samlar toppsjefar og analytikarar. Blant innleiarane er Kleven-sjef Ståle Rasmussen og Havyard Group-sjef Geir-Johan Bakke, Rystad Energy-analytikar Jon Fredrik Muller og Bourbon Offshore-leiar Bjørn Idar Remøy.

Fullt i Ørsta

Torsdag 26. mars, dagen etter konferansen i Fosnavåg, har Ørsta Næringkontor og Sparebank 1 Søre Sunnmøre venteliste på sin næringskonferanse.
Hit kjem mellom andre NHO-president Tore Ulstein, sjeføkonom Elisabeth Holvik frå Sparebank 1 Gruppen og filosof Henrik Syse.

Bussa inn folk

Då Sparebanken Møre opna årets konferansesesong i nordvest, med investorsamlinga Børs og Bacalao i Ålesund slutten av april var det over 400 påmelde, og venteliste. Banken bussa inn folk frå heile fylket.

Oljeprisfallet fører til store omveltningar for næringslivet, både postive og negative, og det aukar interessa for å møtes og få nye innspel, meiner fagsjef Cecilie Myrstad i Sparebanken Møre.
- Det er generelt stor interesse for næringsutvikling i fylket, fok er opptatt av framtida. Med bakgrunn i det som skjer internasjonalt, som har store ringverknadar for fylket vårt, så er det er litt av årsaka til at folk er litt ekstra på, seier Myrstad.

Fleire konferansar

Næringslivstoppane på Nordvestlandet får fleire sjansar til å møtes ut over våren og sommaren.
I april arrangerer BI , med offshorenæringa som tema.
I mai vil samle 500 norske og utanlandske deltakarar og i juni arrangerer Sparebank 1 SMN , sin årlege generelle næringslivskonferanse.



Publisert: 20.03.2015 13:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42