(NPK-NTB-NETT.NO) NHO Reiseliv er glade for at regjeringa no har fått avklart innhaldet i kompensasjonsordninga for hausten, men skulle gjerne hatt ei endå høgare dekningsgrad.
Ordninga gjeld ut året, og inkluderer selskap i bransjen med meir enn 40 prosent omsetningsfall samanlikna med same periode i fjor. Ordninga har ei dekningsgrad på 50 prosent av dei faste kostnadene for bedrifta.
– Det vart tydeleg at den milliarden som vart lansert i september ville gitt for låg kompensasjonsgrad, 30 prosent dekning av faste kostnader. Det er positivt at regjeringa heva beløpet med 300 millionar til ei dekningsgrad på 50 prosent, det same som i august, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.
NHO skriv likevel at dei har foreslått ei dekningsgrad på 70 prosent.
– Vi har spelt inn at alle verksemder med stort omsetningsfall bør få søknaden sin prøvd. Men med denne ordninga vil store handels- og tenesteaktørar tilknytt reiseliv og event bli ekskludert berre fordi dei er for store, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.
– Målet er å hindre at elles levedyktige reiselivsbedrifter går konkurs, å tryggje arbeidsplassar, og gi næringa tid og rom til å tilpasse seg situasjonen, sa næringsminister Iselin Nybø.
Den nye ordninga byggjer på den mellombelse kompensasjonsordninga som vart avvikla ved slutten av august. Den vil gjelde for mellom anna overnattings- og serveringsbransjen, event- og konferansearrangørar, og dessutan museum og underhaldningsparkar.
Den gjeld frå 1. september til 31. desember 2020. Bedriftene kan søkje om ei eingongsutbetaling på opptil 10 millionar kroner per bedrift per månad.
(©NPK)
Ordninga gjeld ut året, og inkluderer selskap i bransjen med meir enn 40 prosent omsetningsfall samanlikna med same periode i fjor. Ordninga har ei dekningsgrad på 50 prosent av dei faste kostnadene for bedrifta.
– Det vart tydeleg at den milliarden som vart lansert i september ville gitt for låg kompensasjonsgrad, 30 prosent dekning av faste kostnader. Det er positivt at regjeringa heva beløpet med 300 millionar til ei dekningsgrad på 50 prosent, det same som i august, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.
NHO skriv likevel at dei har foreslått ei dekningsgrad på 70 prosent.
Ville få prøvd fleire søknader
Også i Virke er dei nøgde med at støtteordninga no er på plass, men heller ikkje dei meiner ordninga er perfekt.– Vi har spelt inn at alle verksemder med stort omsetningsfall bør få søknaden sin prøvd. Men med denne ordninga vil store handels- og tenesteaktørar tilknytt reiseliv og event bli ekskludert berre fordi dei er for store, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.
1,4 milliardar
Kompensasjonsordninga til reiselivet består av to pakkar på til saman 1,4 milliardar kroner, opplyste næringsministeren tysdag.– Målet er å hindre at elles levedyktige reiselivsbedrifter går konkurs, å tryggje arbeidsplassar, og gi næringa tid og rom til å tilpasse seg situasjonen, sa næringsminister Iselin Nybø.
Den nye ordninga byggjer på den mellombelse kompensasjonsordninga som vart avvikla ved slutten av august. Den vil gjelde for mellom anna overnattings- og serveringsbransjen, event- og konferansearrangørar, og dessutan museum og underhaldningsparkar.
Den gjeld frå 1. september til 31. desember 2020. Bedriftene kan søkje om ei eingongsutbetaling på opptil 10 millionar kroner per bedrift per månad.
(©NPK)
Målet er å hindre at elles levedyktige reiselivsbedrifter går konkurs
Publisert: 21.10.2020 09:03
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:05