Bilde 2022 01 12 115641
NANSEN: Her går Fridtjof Nansen tilbake til Måløy etter grunnstøytinga. Foto: RS Bergen Kreds
Nytt

Nansen slo hol i skroget

Dykkerar undersøker skader på ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen etter grunnstøyting i natt.

12.01.2022

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane har skipet slått hol i skroget under grunnstøytinga.

– Eg kan bekrefte at det er hol i skutesida på båten, seier Sølve Oldeide i Nordfjord hamn, til NRK Sogn og Fjordane.

Dei jobbar no med å gjere klart for at dykkarar skal kunne inspisere skadene på staden.

Ingen skada passasjerar
Området som er skada er stengt av.

Pressevakt Øystein Knoph i Hurtigruten Expeditions seier til NRK Sogn og Fjordane at det ikkje er rapportert om skader på folk, og at stemninga skal vere god om bord.

Gangsøyfjorden
Ifølgje kartdata frå Marine Traffic kom det Kleven-bygde skipet til Hurtigruten Expeditions frå nord og traff botnen i sundet mellom Risøy og Gangsøy i Gangsøyfjorden sør for Måløy. Her har skipet snudd og gått tilbake mot Måløy.

Grunnstøytinga skjedde litt før klokka 04 natt til onsdag.

Skipet ligg onsdag morgon til kai på Trollebø. ved Måløy.

På plass er også redningsskøyta Bergen Kreds. Denne skøyta kom til assistanse etter at det vart meldt om at Fridtjof Nansen hadde vore ned i botnen.

Nansen
GRUNNSTØYTING: Ifølgje Marine Traffic snudde Fridtjof Nansen etter eit stopp i sundet mellom Risøy og Gangsøy sør for Måløy. Skjermdump: Marine Traffic

398 personar
Ifølgje VG er det 398 personar om bord i Fridtjof Nansen fordelt på 233 gjestar og eit mannskap på 165.

Til avisa opplyser vakthavande redningsleiar Asbjørn Viste ved Hovedredningssentralen Sør-Norge at det ikkje er rapportert om at skipet treng bistand eller at skipet er skada eller tek inn vatn.

Lokalt politi og 110-sentralen er varsla.

Liten kuling
Fridtjof Nansen har batterihybrid framdrift. Skipet er 140 meter langt og har ein passasjerkapasitet på 528.

Skipet har ein djupgang på 5,5 meter.

Ifølgje vêrtenesta Yr bles det liten kuling i området, men det har vore kraftige vindkast. Bølgjehøgda i Gangsøyfjorden ligg på vel ein meter.

Ekstremvêret Gyda er på veg, men ifølgje webkamera til avisa Fjordenes Tidende bles det rundt klokka 07:00 'berre' liten kuling med 15 m/sek på Måløybrua.

Gangsøy
SKIPSLEIA: Leia mellom Gangsøya og Risøya, der Fridtjof Nansen skal ha hatt botnkontakt. Skjermdump: Gule sider

Publisert: 12.01.2022 06:52

Sist oppdatert: 12.01.2022 12:01

Mer om