Hurtigruten kleven roald amundsen fridtjof nansen foto marius
AMUNDSEN OG NANSEN: Roald Amundsen og Fridtjof Nansen ved kai på Kleven. No vurderer Hurtigruten for å byggje fleire ekspedisjonscruiseskip. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulstein-interesse rundt nye hurtigruteskip

Hurtigruten Expeditions sjekkar prisar og nye løysingar. Kontraktane kan på nytt hamne i Ulstein.

15.11.2021

Etter det NETT NO kjenner til er Ulstein Verft eitt av verfta som har vist interesse dersom Hurtigruten Expeditions gjer alvor av planane om byggje nye ekspedisjonscruiseskip. Fleire aktørar opplyser at selskapet er no i marknaden for å sjekke prisar på to nye skip, truleg også med opsjonar på ytterlegare to skip.

Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten Expeditions seier at selskapet har vakse kraftig dei siste åra, og skal halde fram veksten i åra framover.

- Difor går det ikkje ein dag utan at vi jobber med nye muligheiter eller snakkar med teknologiselskap, verft, forskningsmiljø eller ulike leverandørar. Dette er ein del av kvardagen vår.

Større enn Kleven-skipa
Etter det NETT NO har grunn til å tru ønsker Hurtigruten Expeditions å byggje skip med ein litt større tonnasje enn dei Kleven-bygde skipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen. Dette var 140 meter lange hybridskip, med ni dekk og ein samla passasjerkapasitet på 530.

Desse skipa kosta til slutt 1,9 milliardar kroner etter at det vart ein god del justeringar undervegs i byggjeprosessen. No opplyser kjelder at det vert diskutert prisar på godt over to milliardar kroner for dei nye skipa.

Hurtigruten overtok som eigar av Kleven for å få ferdiggjort dei to siste skipa. No kan nye oppdrag ende på andre siden av fjorden, hos Ulstein Verft.

Ulstein Verft-besøk
NETT NO kjenner til at det har vore møter mellom Hurtigruten Expeditions og representantar frå verftet. Nyleg var også ein stor delegasjon frå Ulstein Verft om bord i Fridtjof Nansen, som for tida ligg ved kai ved Green Yard Kleven.

Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege seier at dette var eit heilt ordinært besøk.

- Sidan skipet ligg på Kleven, passa det bra med eit besøk frå naboverftet. Tilsette frå Ulstein har vore om bord på skipa våre fleire gongar tidlegare, og dei er hjarteleg velkomne tilbake også seinare.

Ege viser til at MS Fridtjof Nansen nettopp vart kåra til verdas sikraste og grønaste cruiseskip.

- Saman med søsterskipet Roald Amundsen er ho noko av det råaste som nokon gong er bygt i cruiseindustrien, og vi har ofte folk om bord for å sjå på både løysingane, teknologien og handverket – og diskutere kva som kan vere løysingane for den neste generasjonen.

Ingen konkrete forhandlingar
Ulstein Verft treng nye oppdrag, og selskapet har truleg styrka sin finansielle posisjon ettersom det er mykje som tyder på at verftet har kome godt ut økonomisk ved dei tre siste oppdraga, eitt skip til Nexans og to skip til Lindblad Expeditions.

Like fullt vil det vere risikabelt å gå inn på så store og komplekse prosjekt, og kjelder nær prosessen seier at det er avgjerande kor mykje Hurtigruten Expeditions sjølv bidreg med for at verftet til slutt skal seie ja.

Ege avviser at det er konkrete forhandlingar med Ulstein eller andre verft.

- Hadde vi hatt på plass avtalar om nybygg, skipskjøp, charter eller andre utvidingar, kan eg love deg at vi hadde kommunisert det høgt og tydeleg både til marknaden og media.

Tilsette frå Ulstein har vore om bord på skipa våre fleire gongar tidlegare, og dei er hjarteleg velkomne tilbake også seinare
Rune Thomas Ege

Dårleg resultat
Etter det NETT NO har grunn til å tru, ønsker Hurtigruten Expeditions å skrive endeleg kontrakt før neste sommar.

Ei storsatsing på ekspedisjonscruiseskip er i tråd med Hurtigruten-konsernet sine tidlegare planar, men selskapet la denne veka fram dårlege tal for tredje kvartal.

Der gjekk det fram at selskapet hadde eit negativt driftsresultat på rundt 252 millionar kroner i kvartalet. Det vart vist til at auka marknadsføring var ei vesentleg årsak til det negative resultatet.

Samstundes er det kjent at selskapet er ute i marknaden for å hente 500 millionar kroner i grøn obligasjon, og i september stilte eigarane opp med 75 millionar euro i ansvarleg lån.

Hurtigruten Norge – den delen av konsernet som driv rutetrafikken langs Norskekysten - har på gang ombygging av skipa Nordlys, Kong Harald og Richard With for å gjere dei meir miljøvenlege. Myklebust Verft, som Hurtigruten er medeigar i, fekk oppdraget på oppgradering av Kong Harald, eit arbeid som skal skje vinteren/våren neste år.

Seks skip
Om Hurtigruten Expeditions til slutt teiknar kontrakt med Ulstein Verft, vert det tredje gongen det skjer. I 1982 leverte verftet Midnatsol til Troms Fylkes Dampskibsselskap, som seinare vart ein del av Hurtigruten-konsernet. Og i 1996 vart Polarlys overlevert. Det skjedde under ein dobbeldåp då sysselmann Ann Kristin Olsen på Svalbard døypte Polarlys ved Ulstein Verft, medan dronning Sonja døypte Nordkapp ved Kleven, eit skip som då vart overlevert til OVDS.

Kleven overleverte forøvrig søsterskipet Nordnorge i 1997 til OVDS, slik at totalt har selskapa i Hurtigruten-konsernet fått bygt seks skip tidlegare i Ulstein – fordelt på Kleven og Ulstein Verft.

No er det mange i den maritime næringa i regionen som håper det vert fleire.

Publisert: 15.11.2021 05:55

Sist oppdatert: 14.11.2021 16:11

Mer om