Permitteringer hos Maritime Partner
BREMS: Etterkvart som verknaden av koropnaepidemien slepper taket reknar Martitime Partene med meir år gjere, men i fjor og starten av dette året drog epidemien aktiviteten ned. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nedtur i koronaåret

Pandemien bremsa marknaden for Maritime Partner i fjor og i år.

28.10.2021

Båtbyggaren i Breivika i Ålesund gjekk med underskot for sjette år på rad i 2020. Det blei "et lavere aktivitetsnivå enn forventet", skriv selskapet i årsmeldinga for 2020. Grunnen til det reduserte aktivitetsnivået var konsekvensane av koronapandemien.

Maritim Partner byggjer arbeidsbåtar for offshorereiarar og oljebransjen, for oppdrettsnæringa og hamnevesen og båtar til ambulanseteneste, og brannvernbåtar, sightseeingsbåtar og båtar til militæret.

Nye markadar
Selskapet var godt i gang med å snu seg mot andre marknadar før oljeprisen fall i 2014 og marknaden retta mot oljebransjen krympa.

Likevel fall driftsinntektene frå toppen på 314 millionar kroner i 2014 til 196 millionar i 2017 og 2018. I 2019 auka dei til 263 millionar kroner og underskotet blei redusert, men den gode utviklinga vart broten i fjor.

No ventar selskapet at aktiviteten i marknaden tek seg opp igjen og tidlegare denne veka kunne selskapet også offentleggjere ei ny kontrakt, med oppdrettselskapet Cermaq.

Maritime Partner as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt181,3262,8
Driftsresultat-4,9-5,1
Resultat før skatt-8,0-7,9

Kapitalutviding
I sommar hente selskapet inn 3,6 millionar kroner i ny eigenkapital frå eksisterande eigarar. Samstundes gjorde selskapet ei ny avtale med banken som "gjør at selskapet har økonomisk handlingsrom for den forventede aktiviteten fremover", heiter det i årsmeldinga.

Dei største eigarane i Maritime Partner er Møre og Romsdal Såkornfond (17,4 prosent), dagleg leiar Peder R. Myklebust (17,3 prosent), styremedlem John I. Olsen (14,5 prosent) og styreleiar Ole-Reinhart Notø (8,4 prosent).

Også i 2018 og 2019 gjennomførte Maritime Partner kapitalutvidingar.

Publisert: 28.10.2021 08:20

Sist oppdatert: 28.10.2021 08:41

Mer om