Oppsving etter toeffe aar
SER ETTER FOLK: I 2013 hadde Maritime Partner rundt 60 på lønningslista. No er det rundt 50. Selskapet har begynt på ei forsiktig rekruttering igjen, i følgje dagleg leiar og medeigar Peder R. Myklebust. Ordreinngangen i år blir den høgaste sidan 2012. På oppdragslista står mellom anna båt nummer to av sightseeingsbåten som er på veg til kai bak Myklebust.
Nytt

Oppsving etter tøffe år

Martime Partner har i år den største ordreinngangen sidan 2012, men åra i mellom var tøffe. To gangar har selskapet gått til eigarar og investorar for å hente pengar.

05.10.2019
Maritime Partner ligg an til ein ordreinngang på rundt 350 millionar kroner i år. Det er den høgaste sidan 2012, då selskapet signerte kontraktar for over 550 millionar kroner.
Kontraktane frå 2012 sikra stigande driftsinntekter til og med 2014. Men ordreinngangen fall bratt etter 2012. Botnen blei nådd i 2015, med nye kontraktar på i overkant av 100 millionar kroner. Deretter har det gått jamt oppover, men ikkje raskt nok til å hindre underskot som gjorde at selskapet to gongar har henta inn ny kapital.

16 millionar

Den første kapitalutvidinga blei gjort i fjor. I overkant av seks millionar vart henta inn frå eksisterande eigarar. Den neste vart gjennomført i sommar, etter at ei ekstraordinær generalforsamling hadde godkjent emisjonen.
Den siste emisjonen var todelt. To millionar vart henta frå eksisterande eigarar, åtte millionar vart henta i ein retta emisjon mot ei gruppe lokale investorar. Dei eig no 16 prosent av selskapet.
Poenget med kapitalutvidingane er å fylle på med pengar etter fire år i minus, med 2017 og 2018 som dei verste (sjå tabell).
No er selskapet gjennom nedturen, med den største ordreinngangen sidan 2012. Ein eventuell ny emisjon blir det i så fall for å finansiere ein kraftig vekst, seier dagleg leiar og medeigar Peder R. Myklebust.
- Vi reknar med å gå i balanse i år, og med overskot frå og med neste år, seier Myklebust.

Snuoperasjon

- Vi har vore gjennom ein snuoperasjon som er relativt sett minst like stor som for dei store verfta, seier Myklebust.
I 2012 kom 80 prosent av inntektene frå produksjon av arbeidsbåtar til offshorenæringa. Selskapet starta satsinga for å få fleire bein å stå på allereie før oljeprisen fall i 2014 og marknaden for offshoreskip tørka inn.
I 2014 sto arbeidsbåtar til offshoreskip for halvparten av inntektene og Myklebust såg ikkje då for seg at dei neste åra skulle bli så tøffe som dei blei. At selskapet allereie vart i gang med omstillinga då oljeprisfallet kom var avgjerande for at selskapet klarte seg, meiner han.
- Ellers hadde vi vore konkurs, seier Myklebust.

Nye båtar, nye marknadar

Over helga seglar sightseeingsreiarlaget Brim Holding sin nye sightseeingskatamaran mot Tromsø for å settast inn i vinterturismen der.
Det 24 meter lange fartyet er eit hybridfarty som i hovudsak skal gå på batteri, og koble over på dieseldrift på lengre transportetappar og ved behov for reserveløysingar. Det har plass til inntil 140 passasjerar, er førebels det som skil seg mest frå Martime Partner sine tradisjonelle arbeidsbåtar til offshoreskip.
- Det har løfta bedrifta fleire divisjonar, seier Myklebust om oppdraget med sigthseeingsbåten.
Aluminiumsskroget til farty nummer to er alt under bygging i Polen, og Maritime Partner ligg også godt an til å få jobben dersom det blir bygd fleire slike farty.

Etter at selskapet starta jakta på fleire bein å stå på har det bygd arbeids- og dykkerbåtar for oppdrettsbransjen, ambulansefarty, brannvernfarty, farty for forsvaret og farty for reiselivbransjen. Dette har stort sett vore prototyper som har kosta meir å produsere enn venta, men no er selskapet over i ein fase der ordrereserven omfattar kjente båttypar.

Av dagens ordrereserve utgjer arbeidsbåtar til offshorenæringa berre 12 prosent.
Vi har vore gjennom ein snuoperasjon som er relativt sett minst like stor som for dei store verfta

Publisert: 05.10.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40