Sjofolkutdanning samarbeidsgruppe foto Ogne
IKKJE GJENNOMSLAG: Aktørane som kan bidra til ein rask auka i antall utdanna sjøfolk i Ålesund inngjekk eit samarbeid i fjor. Bak frå venstre: Rektor Ole Reinlund - Ålesund videregående skole, avdelingsleiar Trine Otterlei - Fagskolen, leiar Britt Giske Andersen i Maritimt Forum Nordvest, instituttleiar Hans Petter Hildre ved institutt for havromsoperasjoner og byggeteknikk på NTNU, instituttleiar Rune Volden ved institutt for IKT og realfag, studieleiar nautikk Arnt Myrheim-Holm ved NTNU, dagleg leiar Arnfinn Oksavik ved NTNU Ocean Training og rektor Roger Andrè Fylling ved Borgund vidergående skole. Framme frå venstre: Rektor Helene Hanken - Fagskolen, dagleg leiar Kirsti Slotsvik - ÅKP, daglig leiar Kaj Bang Westre NMK Eiendom og viserektor Anne Lise Sagen Major NTNU Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nei til rask opptrapping av sjøfolk-utdanning i Ålesund

Framstegspartiet vil utdanne fleire sjøfolk frå hausten av. Det vil ikkje Arbeiderpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Venstre.

09.05.2025

NTNU og ei rekkje andre aktørar i Ålesund har arbeidd sidan i fjor med å auke inntaket at studentar på utdanninga for sjøfolk, med mål om å komne i gang allereie til hausten.

Argumentet er at det hastar med å kome i gang, av fleire grunnar: Forsvaret skal ruste opp og treng fleire sjøfolk og den sivile flåten må erstatte sjøfolk som går av med pensjon og truleg og russiske sjøfolk, som utgjer ein potensiell tryggleiksrisiko i ein konfliktsituasjon.

Det er bakgrunnen for at Framstegspartiet mellom anna foreslo at:  

«Stortinget ber regjeringen inngå en avtale om kjøp av plasser med NTNU i Ålesund og eventuelt andre utdanningsinstitusjoner som kan tilby teknomaritime studieplasser for Forsvaret med oppstart høsten 2025, for å avlaste de begrensede kapasitetene ved Forsvarets egne skoler.»

Les heile framlegget frå Framstegspartiet her

Seier nei
No har utdanningskomiteen på Stortinget sagt nei til framlegget frå Framstegspartiet.

Det er komitemedlemane frå Arbeiderpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Venstre som stemte det ned.

Komiteen sitt vedtak er ei tilråding. Endleg vedtak vert gjort av Stortinget.

I fjor haust samla representantar for NTNU, Fagskolen i Møre og Romsdal, Borgund og Ålesund videregående skoler, ÅKP , NTNU Ocean Training , NMK, GCE Blue Maritime og Maritimt Forum Nordvest seg om eit samarbeid for å auke talet på sjøfolk som vert utdanna i Ålesund, med mål om å ta inn fleire elevar og studentar til hausten i år. 

Med tilrådinga frå Utdanningskomiteen er det klart at dei ikkje har nådd målet om at NTNU skal ta inn fleire studentar allereie i haust.

Dei to vidaregåande skulane og Fagskolen som er med på samarbeidet er imidlertid i rute, slik som samarbeidsgruppa ønskte: Både Borgund og Ålesund videregående skoler tek frå hausten av inn fleire elevar i utdanningar som kvalifiserer til å arbeide på båt. Det gjer også Fagskulen i Møre og Romsdal. 

De vidaregående skulen blir finansiert av fylket, Fagskolen dels av staten og dels av fylket.

Publisert: 09.05.2025 08:49

Sist oppdatert: 09.05.2025 09:30

Mer om