Nytt
Nesten null for møbelbutikkane
Inntekter og overskot krympar for møbelbutikkane på Nordvestlandet. Men nisjebutikkane veks.
01.09.2018
Dei tre siste åra har det gått nedover for møbelbutikkane på Sunnmøre og i Nordfjord. Frå 2015 til 2017 har driftsinntektene falle med 9,3 prosent, til 293 millionar kroner. (Klikk på lenke i slutten av artikkelen for å få ein tabell over resultata i 2016 og 2017).
Resultatmarginen - som er resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene - var seks prosent i 2015, 4,5 prosent i 2016 og 1,2 prosent i 2015. Fem av dei 12 butikkane i NETT NO si oversikt gjekk i minus i fjor.
Dei to butikkane som kom nærast i lønsemd er Slettvoll Ålesund (9,3 prosent) og Møbler & Miljø (5,4 prosent).
Inntil i vår var Hagen styremedlem i Møbelringenkjeda og medlemane der klarer ikkje å sjå ei klar forklaring på kvifor møbelhandelen går tilbake, seier han. Han peikar både på nye handlevanar hos yngre generasjonar, konsekvensane etter oljeprisfallet i 2014 og omprioriteringar hos forbrukarane som moglege årsaker.
- Handelen går tilbake, men kvifor er det ingen som har eitt svar på, seier Hagen.
Men det er først og fremst Ikea (pluss 2,5 prosent) og Jysk (seks prosent) som står for oppgangen, ellers er det tilbakegang for Bohus (minus 0,3 prosent), Skeidar (minus 1,1 prosent) og Møbelringen (2,4 prosent). Den minste møbelkjeda, Fagmøbler, auka med 0,5 prosent frå 2016 til 2017.
Resten av møbelhandelen, altså mindre frittståande butikkar, fekk ein reduksjon på 2,1 prosent i salet i fjor.
I følge Bror Stende, direktør for faghandel, mote og fritid i nærings- og arbeidsgivarorganisasjonen Virke, er det butikkane som sel billeg og dei dyrare møbelbutikkane som veks, medan butikk-kjedene midt i mellom går tilbake.
Det er samanfallande med kva tala for Nordvestlandet viser. Både Møbler & Miljø og Slettvoll Ålesund rettar seg mot kundar som vil legge igjen meir i møblane enn gjennomsnittet, og dei aukar også driftsinntektene.
Stende meiner prisauke er ein medverkande årsak til at deler av møbelhandelen går tilbake.
Etter oljeprisfallet i 2014 utvikla valutakursen seg i ugunstig retning for importerte møblar. Importen blei dyrare, og for rundt eitt og eit halvt år sidan prøvde bransjen seg med eit prishopp for å dekke inn prisauken for butikkane.
Det gjekk ikke så bra, kundane reagerte med å handle mindre og bransjen måtte senke prisane igjen, seier Staude.
Fem er nok bemanning til å kunne ta unna sjølv stor pågang i butikken seier Hagen.
Tilsette med fagkunnskap kombinert med kostnadskontroll er nøkkelen for drive lønsamt. Mange driv med for høge kostnadar, meiner Hagen.
- Vi ser samanliknbare butikkar med tre årsverk meir, seier han.
Vik er leiar for butikkane i Slettvoll-konsernet, i alt 18 butikkar.
I løpet av seks år er driftsinntektene i Slettvollbutikkane dobla, og veksten i butikken i Ålesund frå 2016 til 2017 er typisk for Slettvollbutikkane i fjor, seier Vik.
Eigar Kåre Aarskog, som også eig Møbelringenbutikk i Vanylven (Møbler og Utstyr), seier auka husleige er hovudårsaka til underskotet i fjor. No vurderer han å redusere arealet for å få husleiga ned.
I deler av 2017 betalte selskapet også husleige for lokala butikken tidlegare leigde på Blindheim.
Så langt i år er salet opp 10 prosent, seier Aarskog.
Resultatmarginen - som er resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene - var seks prosent i 2015, 4,5 prosent i 2016 og 1,2 prosent i 2015. Fem av dei 12 butikkane i NETT NO si oversikt gjekk i minus i fjor.
Held på førsteplassen
Samla sett er butikkane i tilbakegang, men det er store skilnadar dei i mellom. Møbelhuset Ørsta, som driv Møbelringen-butikken i Hovdebygda, var også i fjor den mest lønsame møbelforretninga på Nordvestlandet, sjølv om også den butikken opplever nedgang i salet. Resultatet i prosent av driftsinntektene, resultatmarginen, blei 13,4 prosent.Dei to butikkane som kom nærast i lønsemd er Slettvoll Ålesund (9,3 prosent) og Møbler & Miljø (5,4 prosent).
Nedgang i salet
Det kom eit omslag i starten av 2017, seier Dag Tore Hagen i Møbelhuset Ørsta. Starten blei svært stille og sjølv om det tok seg opp enda driftsinntektene 2,6 millionar kroner under 2016.Inntil i vår var Hagen styremedlem i Møbelringenkjeda og medlemane der klarer ikkje å sjå ei klar forklaring på kvifor møbelhandelen går tilbake, seier han. Han peikar både på nye handlevanar hos yngre generasjonar, konsekvensane etter oljeprisfallet i 2014 og omprioriteringar hos forbrukarane som moglege årsaker.
- Handelen går tilbake, men kvifor er det ingen som har eitt svar på, seier Hagen.
Ikea og Jysk
Den samla møbelhandelen i Noreg gjekk opp med 0,9 prosent i fjor viser tal frå næringsorganisasjonen Virke, som blant anna organiserer møbelhandelbedriftene i Noreg.Men det er først og fremst Ikea (pluss 2,5 prosent) og Jysk (seks prosent) som står for oppgangen, ellers er det tilbakegang for Bohus (minus 0,3 prosent), Skeidar (minus 1,1 prosent) og Møbelringen (2,4 prosent). Den minste møbelkjeda, Fagmøbler, auka med 0,5 prosent frå 2016 til 2017.
Resten av møbelhandelen, altså mindre frittståande butikkar, fekk ein reduksjon på 2,1 prosent i salet i fjor.
Billeg og dyrt er best
Til saman blei det seld møblar for 18,4 milliardar kroner i Noreg i fjor. Ikea er den dominerande aktøren, med 7,4 millardar kroner i driftsinntekter i 2017.I følge Bror Stende, direktør for faghandel, mote og fritid i nærings- og arbeidsgivarorganisasjonen Virke, er det butikkane som sel billeg og dei dyrare møbelbutikkane som veks, medan butikk-kjedene midt i mellom går tilbake.
Det er samanfallande med kva tala for Nordvestlandet viser. Både Møbler & Miljø og Slettvoll Ålesund rettar seg mot kundar som vil legge igjen meir i møblane enn gjennomsnittet, og dei aukar også driftsinntektene.
Stende meiner prisauke er ein medverkande årsak til at deler av møbelhandelen går tilbake.
Etter oljeprisfallet i 2014 utvikla valutakursen seg i ugunstig retning for importerte møblar. Importen blei dyrare, og for rundt eitt og eit halvt år sidan prøvde bransjen seg med eit prishopp for å dekke inn prisauken for butikkane.
Det gjekk ikke så bra, kundane reagerte med å handle mindre og bransjen måtte senke prisane igjen, seier Staude.
For høge kostnadar
Møbelringenbutikken i Hovdebygda sysselset fem årsverk. Med unntak av revisjon blir alt gjort i butikken. Ein jobbar på lageret, dei andre fire i butikken, i tillegg til at Hagen også fører bøkene.Fem er nok bemanning til å kunne ta unna sjølv stor pågang i butikken seier Hagen.
Tilsette med fagkunnskap kombinert med kostnadskontroll er nøkkelen for drive lønsamt. Mange driv med for høge kostnadar, meiner Hagen.
- Vi ser samanliknbare butikkar med tre årsverk meir, seier han.
For likt
Dei store kjedene mellom nisjebutikkane og Ikea er blitt for like. Det taper kundane interessa for, etter Bjørn Helge Vik si vurdering.Vik er leiar for butikkane i Slettvoll-konsernet, i alt 18 butikkar.
I løpet av seks år er driftsinntektene i Slettvollbutikkane dobla, og veksten i butikken i Ålesund frå 2016 til 2017 er typisk for Slettvollbutikkane i fjor, seier Vik.
Krympa butikken
Medan Møbelringenbutikken i Hovdebygda er den mest lønsame på Nordvestlandet hadde Møbelringenbutikken i Breivika i Ålesund (Møbelhuset Blindheim) størst underskot, tre millionar kroner.Eigar Kåre Aarskog, som også eig Møbelringenbutikk i Vanylven (Møbler og Utstyr), seier auka husleige er hovudårsaka til underskotet i fjor. No vurderer han å redusere arealet for å få husleiga ned.
I deler av 2017 betalte selskapet også husleige for lokala butikken tidlegare leigde på Blindheim.
Så langt i år er salet opp 10 prosent, seier Aarskog.
Publisert: 01.09.2018 06:00
Sist oppdatert: 23.04.2021 12:06