Frå 1. februar vil eit årsabonnement på NETT NO koste 1799 kroner (årleg trekk), og eit månadsabonnement 169 kroner (månadleg trekk).
Det er ein moderat prisauke, med bakgrunn i kostnadsauke og behovet for å frigjere midlar til utvida redaksjonell satsing og utvikling av nye tenester.
Trass prisauken, kostar det framleis berre rundt fem kroner dagen å abonnere på NETT NO, ei investering vi håper og trur mange vil finne interessant for å vere tett på nærings- og samfunnslivet på Nordvestlandet.
Vi minner om at det er mogleg å opprette bedriftskonto, der ein kan administrere ulike abonnement. Ein får då 20 prosent rabatt med fem eller fleire abonnement knytte til sin bedriftskonto.
Prisjusteringa skjer automatisk for eksisterande abonnentar.
Publisert: 26.01.2023 13:58
Sist oppdatert: 26.01.2023 15:27