Nogva Motorfabrikk kjøper selskapet Marine Parts & Propulsion (MPNP) fortel selskapet i ei pressemelding. Kjøpesummen er ikkje oppgitt.
Marine Parts & Propulsion driv sal av og service på motorar, thrusterar og generatorar. Selskapet har 18 tilsette, hovudkontor i Bergen og hadde 70 millionar kroner i driftsinntekt i fjor.
Ventar gevinst
Dei største eigarane før salet er Ronny Holm Dahlberg og Bjørn Cato Hovden. Ifølgje pressemeldinga ventar begge selskap gevinst ved å vere under same paraply; MPNP får eit utvida produktspekter med utstyr frå Nogva Motorfabrikk, Nogva Motofabrikk får betre innpass i Bergensregionen.
"Vi er svært glade for å ønske MPNP og deres dyktige team velkommen til Nogva-familien. MPNP har på kort tid etablert seg som en sentral aktør innen sitt segment, med sterke relasjoner til leverandører som Mitsubishi og Veth Propulsion, og har solide kunderelasjoner med fergeselskap og aktører innen fiskeri og havbruk. Dette gir Nogva og MPNP et godt utgangspunkt for videre vekst", seier konsernsjef Roy Reite i Nogva Gruppen i pressemeldinga.
Fekk inn nye eigarar i år
Nogva Motorfabrikk lagar gir og propellar og lever dei som kompletter framdriftssystem med fleire ulike skipsmotorar.
Det opphavleg familieigde selskapet fekk eit fond i regi av investeringselskapet Credo Partners inn som ny storaksjonær tidlegare i år, med 51 prosent av aksjane.
Publisert: 10.11.2025 15:45
Sist oppdatert: 10.11.2025 17:04






