Bygg anlegg illustrasjonsbilde 11
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nok eit byggefirma konkurs

Færre konkursar i alt – men byggebransjen klart verst råka. Åtte tilsette i Hareid-firma misser jobben.

Marius Rosbach
27.09.2021

Ulstein Byggservice med adresse på Hareid har meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Firmaet har jobba med snikkararbeid og hadde åtte tilsette, ifølgje konkursopninga i tingretten.

Gjeld på 1,1 millionar
Retten fekk opplyst at selskapet har betalingsvanskar og at gjelda er på kring 1,1 millionar. Verdiane er anslått å vere drygt 300.000 kroner.

Firmaet blei starta opp i 2019 og har hatt ei samla omsetning på kring 8,5 millionar dei to åra som det er levert rekneskap for. Drifta har samla sett gått i balanse, men fjoråret enda med eit lite minus.

Bustyrar for konkursen er advokat Bjørn-Ivar Borgund og første skiftesamling er 8. november.

Ein av tre konkursar i byggebransjen
Snikkarfirmaet er det siste i ei rekke selskap i bransjen som har gått konkurs i Møre og Romsdal i år. Ein tredel av alle konkursane så langt, er registrert innan bygg- og anlegg.

Til og med måndag er det registrert 97 konkursar i fylket i år, og 33 av desse har skjedd byggebransjen.

Varehandel er bransjen som er nest verst råka, der det har vore 16 konkursar.

Få konkursar i overnatting og servering
Overnatting og servering har vore kraftig påverka av koronapandemien, men likevel har berre seks firma kasta inn handkleet i år.

Talet på konkursar i alt, er framleis lågt. I fjor på denne tida, var det registrert 117 konkursar på same tidspunkt. Førre «normalår» i 2019, var det registrert 135 konkursar ved utløpet av september.

Færre fryktar konkurs
I den ferske Vestlandsindeksen som blei publisert måndag, går det fram at betydeleg færre no fryktar konkurs.

Av dei spurte var det berre 14 prosent av dei som svara, at deira leverandørar eller kundar, vil gå konkurs neste halvår.

Førre kvartal var det 23 prosent som gjekk med ei slikt frykt.

Publisert: 27.09.2021 12:00

Sist oppdatert: 27.09.2021 13:29

Mer om