Havila Capella ferdig
NOMINERT: Havila Capella startar på sin første tur Bergen-Kirkenes søndag 12. desember.
Nytt

Nominert til Nor-Shipping-pris

Havila Kystrutens Havila Capella er nominert til Nor-Shipping-prisen "Next Generation Ship Award".

09.12.2021

Prisen skal delast ut på shippingmessa Nor-Shipping i januar 2022.

Tre andre selskap er med i konkurransen om prisen; Höegh Autoliners med bilskipet Aurora, Wallenius med sitt Sleipnerdesign og Sea Cargos ombygde SC Connector.

Felles for alle er løysingar som reduserer bruken av fossilt drivstoff.

Havila Capella som snart skal på sin første tur langs kysten kombinerer batteri og naturgass slik at CO2-utsleppa blir redusert med 25 prosent, ifølgje ei pressemelding frå Nor-Shipping.

Publisert: 09.12.2021 11:15

Sist oppdatert: 09.12.2021 11:36