Havila kystruten
OPPSTART: Neste søndag går endeleg Havila Capella ut frå Bergen, til glede for Havila Kystruten, ikkje minst hovedeigar Per Sævik (i midten) og konsernsjef Bent Martini (t.h.). Foto: Havila Kystruten
Nytt

Kystruten tapte 70 millionar

Havila Kystruten taper pengar, men søndag startar Havila Capella på første turen Bergen - Kirkenes.

06.12.2021

Havila Kystruten hadde eit resultat før skatt på minus 70,5 millionar kroner i tredje kvartal.

Det opplyser selskapet i ei børsmelding måndag.

Rekneskapet ber preg av eit selskap på full fart mot oppstart, der første skipet, Havila Capella, startar på rundturen Bergen - Kirkenes søndag 12. desember.

I kvartalet hadde selskapet 15,1 millionar kroner i lønskostnader, og 14,4 millionar kroner i andre kostnader.

Hittil i år har selskapet hatt 36 millionar kroner i inntekter. Det er støtte frå Samferdsledepartementet, inntekter som tidlegare er bokførde.

Havila capella skjermdump havila kystruten på facebook 22
OPPSTART: Søndag legg Havila Capella ut på jomfruturen frå Bergen. Foto: Skjermdump frå Havila Kystruten på Facebook

Møtte dårleg vêr
Etter fleire utsetjingar, skulle Havila Capella gå frå Bergen 1. desember. Men jomfruturen vart på nytt utsett.

Styret skriv i årsrapporten at for å nå planlagd oppstart sette Havila Kystruten i gang tiltak der blant anna ein større del av opplæring og trening av mannskap blei gjennomført i Tyrkia.

Men utklareringa frå Tyrkia og avgangen frå Tersan-verftet tok fleire dagar enn venta. Seglasen til Norge tok også fleire dagar enn venta som følgje av dårleg vêr og ei ekstra bunkring.

Styret skriv at grunna tidlegare forseinkelsar blant anna på grunn av Covid-19, reiserestriksjonar, kapasitet hos underleverandørar, samt forseinka utklarering og heimseglas, vart første seglas utsett til 12. desember.

Også neste skip, Havila Castor, er forseinka frå verftet, og første seglas frå Bergen er sett til 7. april neste år.

Barreras-krav
Havila Kystruten har ein samla eigenkapital på vel 1,0 milliardar kroner, og ei langsiktig gjeld på vel 1,3 milliardar.

Selskapet har eit krav mot det spanske Barreras-verftet i Vigo etter kontraktane på dei to første skipa vart kansellerte.

Kravet er totalt på 354,4 millionar kroner, og her går det mot rettssak i London neste år.

Ved utgangen av kvartalet hadde selskapet 291 tilsette som skal segle, i tillegg til 22 tilsette i administrasjonen.

Havila Holding er største aksjomær i Havila Kystruten med 60,4 prosent av aksjane.

Selskapet er prisa til nokså nøyaktig ein milliard kroner på Oslo Børs.

Publisert: 06.12.2021 15:23

Sist oppdatert: 06.12.2021 16:07

Mer om