Capella
TANANGER: Havila Capella i Tananger for å fylle LNG. Skjermdump: Hurigrutens Venner på Facebook
Nytt

Her er Havila Capella framme i Norge

Kom fram til Tananger i natt. Skipet er no på veg til Bergen.

24.11.2021

I natt klokka 03:47 la Havila Kystruten-skipet Havila Capella til norsk kai for første gong. Det skjedde i Risavika i Tananger. Der skal skuta fylle LNG, før turen går vidare til Bergen.

Havila Capella starta 9. november frå byggjeverftet Tersan i Tyrkia, og har etterfylt LNG ein gong. Det skjedde i spanske Cartagena.

Om bord på turen frå Tyrkia til Norge er det rundt 110 personar, fordelt på mannskap og tilsette frå utstyrsleverandørar.

Litt forseinka
Havila Capella er litt forseinka til Bergen, der det skal takast om bord mykje utstyr.

Etter planen skal skipet starte på jomfruturen frå Bergen til Kirkenes 1. desember.

Følg AIS-sporinga til skipet (ekstern lenke)

Havila Capella er første av fire skip frå Havila Kystruten. Det neste skal etter planen leverast før jul, dei to siste neste sommar.

Skipa er 124 meter lange, har 179 lugarar og ein total gjestekapasitet på 640.

Skipa går på LNG (flytande naturgass) og er i tillegg utstyrte med det som vert karakterisert som verdas største batteripakke.

Publisert: 24.11.2021 08:22

Sist oppdatert: 24.11.2021 09:57

Mer om