Ferjestrekningane i Nord-Noreg er i dag dominerte av Torghatten og Boreal. Fjord1-sjef Dagfinn Neteland vil utfordre dei på heimebane.
- Det kan du vere sikker på, seier Neteland.
I dag var han i Nordfjord for på markere starten for den nye elferja "Gloppefjord" som no er sett i trafikk mellom Lote og Anda. Det var blomster til ekteparet Inger Lise og Oddmar Drage fra Sandane som sto først i bilkøa då ferja gjekk si første rute frå Anda, og gratis svelesmaksprøver til alle som ville ha.
I morgon er det signering av "Nordmørspakken", som gir Fjord1 jobben med å trafikkere fire samband på Nordmøre i 11 år frå 1. januar 2020. Det er framleis nokre få samband i sør som er ute på anbod, men deretter er det først og fremst anbod i Nord-Noreg konkurransen vil dreie seg om, i følgje Neteland.
Frå 2016 til i dag har Fjord1 bestilt 19 elferjer - og forhandlar om ytterlegare seks. Til saman utgjer det ferjer for rundt 4,2 milliardar kroner (NETT NO sitt anslag).
"Gloppefjord" er den første av alle desse elferjene. Søsterferja, som også skal trafikkere Lote-Anda, kjem i trafikk innan eit par veker og ytterlegare to elferjer blir levert til andre Fjord1-samband i løpet av 2018.
Fjord inn har lånt pengar i obligasjonsmarknaden og inngått bankavtale for å finansiere byggeprogrammet. Avtalen med bankane opnar og for å hente yttarlegere finansiering, om nye kontrakter gjer det naudsynt, i følgje Neteland.
Deler av overfarten blir styrt av datamaskiner, medan skipsføraren tek seg av manøverering vedtillegging og avgang. Overfartstida er 10 minutt, og ligge- og ladetida ved land blir også 10 minutt. Ferjene har dieselaggregat ombord for å sikre straumforsyninga også om ladinga ikkej går som den skal.
Neteland vil ikkje utelukke at det kan bli fleire ferjer bygd i Tyrkia.
"Gloppefjord" og søsterferja kostar omlag 200 millionar kroner kvar og er bygd som planlagt utan kostnadsoverskridingar. Erfaringane med å bygge i Tyrkia er gode, seier Neteland. Han sa også nyleg til NETT NO at det framleis er ein prisskilnad på norske og tyrkiske verft, til tyrkiske verft sin forde.
Det er som talar mot bygging i Tyrkia er den politiske risikoen knytt til Erdogan-regimet og vurderinga av den politiske utvikling i Tyrkia.
- Vi har mange diskusjonar om det i styret, seier Neteland.
Salsleiar Ketil Aagesen i Siemens seier han trur Noreg i løpet av ein femårsperiode kan få så mange som 80-100 elferjer i trafikk, medrekna dei som Fjord1 alt har i bestilling.
Selskapet Havilafjord eig 51,5 prosent av aksjane i børsnoterte Fjord1 ASA. Havilafjord er eigd av Sævikfamiliens selskap Havila Holding, som eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media - som gir ut NETT NO.
- Det kan du vere sikker på, seier Neteland.
I dag var han i Nordfjord for på markere starten for den nye elferja "Gloppefjord" som no er sett i trafikk mellom Lote og Anda. Det var blomster til ekteparet Inger Lise og Oddmar Drage fra Sandane som sto først i bilkøa då ferja gjekk si første rute frå Anda, og gratis svelesmaksprøver til alle som ville ha.
I morgon er det signering av "Nordmørspakken", som gir Fjord1 jobben med å trafikkere fire samband på Nordmøre i 11 år frå 1. januar 2020. Det er framleis nokre få samband i sør som er ute på anbod, men deretter er det først og fremst anbod i Nord-Noreg konkurransen vil dreie seg om, i følgje Neteland.
Først av 25
Anboda som Fjord1 har vunne i Sør-Noreg har utløyst eit byggeprogram i Fjord1-regi på over fire milliardar kroner.Frå 2016 til i dag har Fjord1 bestilt 19 elferjer - og forhandlar om ytterlegare seks. Til saman utgjer det ferjer for rundt 4,2 milliardar kroner (NETT NO sitt anslag).
"Gloppefjord" er den første av alle desse elferjene. Søsterferja, som også skal trafikkere Lote-Anda, kjem i trafikk innan eit par veker og ytterlegare to elferjer blir levert til andre Fjord1-samband i løpet av 2018.
Fjord inn har lånt pengar i obligasjonsmarknaden og inngått bankavtale for å finansiere byggeprogrammet. Avtalen med bankane opnar og for å hente yttarlegere finansiering, om nye kontrakter gjer det naudsynt, i følgje Neteland.
20 minutts-intervall
Dei to elferjene som skal trafikkere Lote-Anda har plass til 120 personbilar kvar og skal gå med 20 minutts mellomrom på dagtid.Deler av overfarten blir styrt av datamaskiner, medan skipsføraren tek seg av manøverering vedtillegging og avgang. Overfartstida er 10 minutt, og ligge- og ladetida ved land blir også 10 minutt. Ferjene har dieselaggregat ombord for å sikre straumforsyninga også om ladinga ikkej går som den skal.
Bygd i Tyrkia
Begge ferjene som skal trafikkere Lote-Anda er teikan av Fiskerstrad-konsernet sitt skipsdesignselskap Multi Maritime og bygd ved Tersan Shipyard i Tyrkia.Neteland vil ikkje utelukke at det kan bli fleire ferjer bygd i Tyrkia.
"Gloppefjord" og søsterferja kostar omlag 200 millionar kroner kvar og er bygd som planlagt utan kostnadsoverskridingar. Erfaringane med å bygge i Tyrkia er gode, seier Neteland. Han sa også nyleg til NETT NO at det framleis er ein prisskilnad på norske og tyrkiske verft, til tyrkiske verft sin forde.
Det er som talar mot bygging i Tyrkia er den politiske risikoen knytt til Erdogan-regimet og vurderinga av den politiske utvikling i Tyrkia.
- Vi har mange diskusjonar om det i styret, seier Neteland.
Siemens spår vekst
Siemens har levert utstyr for omlag 30 millionar til kvar av dei to ferjene på Lote-Anda.Salsleiar Ketil Aagesen i Siemens seier han trur Noreg i løpet av ein femårsperiode kan få så mange som 80-100 elferjer i trafikk, medrekna dei som Fjord1 alt har i bestilling.
Selskapet Havilafjord eig 51,5 prosent av aksjane i børsnoterte Fjord1 ASA. Havilafjord er eigd av Sævikfamiliens selskap Havila Holding, som eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media - som gir ut NETT NO.
Publisert: 24.01.2018 15:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17