Olympic prawn innfelt pål roaldsnes stig remøy foto olympic seafood ogne marius 11
NY EIGAR: Pål Roaldsnes og Nordic Wildfish (innfelt t.v.) er ny eigar av den nye fiskebåten til Stig Remøy. Foto: Olympic Seafood/Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Nordic Wildfish kjøper Olympic Prawn

Overtek båt og kvotar frå Stig Remøy.

17.12.2021

Bak Nordic Wildfish Pål og Jan Harald Roaldsnes, medan fiskebåten Olympic Prawn er eigd av Stig Remøy-selskapet Olympic Seafood.

Olympic Prawn vart levert frå Cemre Shipyard i Tyrkia i desember 2020.

Partane er samde om å ikkje offentleggjere prisen Nordic Wildfish betalar for båt og kvotar.

Fire båtar
– For Nordic Wildfish er dette ei viktig investering i tråd med vår strategi om å styrkje både satsinga på kvitfisk og vår posisjon som eit av dei store fiskeriselskapa i Noreg. Det er sjeldan ein får slike mogelegheiter i norsk fiskerinæring, seier CEO Anders Bjørnerem i Nordic Wildfish i ei pressemelding.

Nordic Wildfish har finansierte kjøpet gjennom lån i Sparebank1 SMN. Eigarskiftet skjer andre halvdel av januar.

Med Olympic Prawn har Nordic Wildsfish fire båtar. Planen er å spesialisere seg på trålfiske, som betyr at fiskebåten Roaldsnes kan bli seld. Den blir i dag brukt som snurrevadbåt.

Har ein milliard
– Eg fekk eit tilbod som var så godt at vi ikkje kunne seie nei, seier Stig Remøy til Fiskeribladet.

Han seier han no har rundt ein milliard kroner i frie kontantar i investeringselskapet sitt.

- Det skal investerast i nye, spennande prosjekt, seier han til avisa. Mellom anna ligg det i korta at Olympic Seafood skal bestille ny båt, ifølgje Remøy.

Under Remøy sitt selskap SRR Invest ligg både majoritetseigarskapen i offshorreiarlaget Olympic Subsea og krillfiske- og -foredlingsselskapet Rimfrost Holding, i tillegg til fiskeriverksemda.

No varslar han vekst.

- 2022 blir eit år der det kjem til å vere behov for folk i heile konsernet, seier Remøy til NETT NO.

Publisert: 17.12.2021 14:20

Sist oppdatert: 17.12.2021 15:12

Mer om