Nordnes maa betale 700 000 etter doedsfall
I RETTEN: Aktor Magne Kvalvik og forsvarar Maria Elena Kvalen i Sunnmøre tingrett 
Nytt

Nordnes må betale 700.000 etter dødsfall

Reiarlaget fekk sett ned bota – men blei likevel dømt etter dødsfall om bord på trålar.

Marius Rosbach
07.02.2020
Reiarlaget Nordnes er dømt til å betale 700.000 krone i bot etter ei dødsulukke om bord på trålaren Nordstar. Dei må også betale 125.000 kroner i erstatning til tre etterlatne, ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett som blei klar fredag.
Dødsfallet avdekka mangelfull kvalitetssikring av tankarbeid om bord, ved ein tilfeldig tildeling av arbeidsoppgåver, manglande kontroll av kompetanse og sikring av at rutinane i systemet for sikkerheitsstyring blei følgt, ifølgje dommen.
Retten meiner sentrale reglar for vern av liv og helse blei brote, og at fabrikksjefen om bord var grov uaktsam då han fekk delegert ansvaret for arbeidet i tanken. Ut frå bevisa som blei lagt fram i retten, meiner likevel retten at ei bot på 2,5 millionar, slik påtalemakta kravde – er for høgt.

Døydde under arbeid i tank

Reiarlaget på Valderøya møtte i Sunnmøre tingrett i januar for å svare på kva som skjedde då ein av mannskapet døydde under arbeid på 10. juni 2018.
Avdøde tok seg inn i ein tank i samband med vask av tank som inneheldt noko restråstoff frå fisk.
Retten fekk høyre kollegaen fortelje korleis fiskaren verka å svime av kort tid etter han gjekk inn i tanken og blei liggande med hovudet under ensilasjerestane i fleire minutt før han døydde.

Ville ha bot på 2,5 millionar

Påtalemakta meinte at reiarlaget har brote skipssikkerheitslovas paragraf 62 og latt vere å legge til rette for at omsynet til liv og helse blei teke i vare.
Reiarlaget fekk eit førelegg på to millionar i mars i fjor, som dei nekta å vedta. I retten blei dei møtt med eit krav om å betale 2,5 millionar kroner – i tillegg til erstatning til kvar av dei etterlatne på 250.000 kroner.

Meiner førebygging kunne hindra ulukka

Aktor Magne Kvalvik med at førebygging frå reiarlaget Nordnes kunne hindra dødsulukka.
Også bistandsadvokat Øyvind Vidhammer meiner at måten arbeidet blei utført på, viste at mannskapet ikkje var godt nok klar over farane ved denne type arbeid.
Dagleg leiar Tormund Grimstad fortalde i retten at han ikkje såg kva reiarlaget kunne gjort annleis i saka.
- Frå reiarlaget sitt synspunkt er alt gjort rett, .

Les også

:

Publisert: 07.02.2020 13:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52