Inge Furre møbeltreff Sykkylven 2022 foto Ogne
TØFT I MØBEL: Med konsumvareindustrien som viktig unntak får industrien vekst i år og neste år viser ny SSB-prognose. Sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre skal presentere den nye konjunkturrapporten på inverstorkonferansen Børs og Bacalao i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nordvestlandet klarer seg bra

Sjeføkonomen i Sparebanken Møre legg fram første konjunkturanalyse for Møre og Romsdal sidan før pandemien slo til.

16.03.2023

- Ein moderat økonomisk vekst, seier sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre til NETT NO om dei økonomiske utsiktene for Møre og Romsdal.

På investorkonferansen Børs og Bacalao torsdag ettermiddag skal han presentere den ferske konjunkturrapporten for Møre og Romsdal.

Rapporten er finansiert av Sparebanken Møre og laga av Statistisk Sentralbyrå.

Det er den første konjunkturanalysen Statistisk Sentralbyrå har laga for Møre og Romsdal på bestilling frå banken sidan 2019, før koronapandemien kom.

Kortversjonen av rapporten er enkel: Det ser ikkje ille ut.

Les rapporten her

Ventar rentenedgang
Statistisk Sentralbyrå ventar enda noko renteauke. Som følgje av at prisauken avtar, ventar Statistisk Sentralbyrå rentenedgang noko fram i tid.

Furre seier at viktige råvare- og fraktkostnader har gått nedover sidan starten av 2022. I starten av koronapandemien hopa containarar seg også opp på feil stadar og gjorde fraktkapasitet til eit knapt gode. Koronarestriksjonar forstyrra forsyningslinene verda over.

Då Russland starta krigen mot Ukraina i februar i fjor gjorde det vondt verre, men utover fjoråret blei den negative effekten mindre og flaskehalsar løyste seg opp.

Meir produktive
Statistisk Sentralbyrå si progonose er at produktiviteten, målt i produksjon per tilsett, vil auke både i privat tenestesektor og industrien utover i 2023, og inn i 2024.

Produksjonen vil auke i store deler av næringslivet, bortsett frå i konsumvareindustrien.

Også sysselsettinga vil auke, men ikkje nok til å hindre ein liten auke i andelen heilt ledige.

Nav-statistikken ved utgangen av februar viste at 1,6 prosent av den registrerte arbeidsstyrken i Møre og Romsdal var heilt ledige. I år vil den stige til 1,9 prosent og neste år til to prosent. Fylket vil framleis ha ei arbeidsløyse under landsgjennomsnittet.

Fikk rett
Også etter oljeprisfallet i 2014 viste prognosene Sparebanken Møre fikk henta inn frå SSB at Nordvestlandet samla sett ville kome relativt greit ut av det - og fekk rett.

- Dei har treft generelt veldig bra på sine analyser og dei har gjerne vore meir optimistiske enn mange andre har vore, seier Furre om konjunkturrapportane frå Statistisk Sentralbyrå.

Han peikar på at at utviklinga i økonomien på Nordvestlandet i stor grad er samanfallande med heile landet. Det som skil Møre og Romsdal frå landsgjennomsnittet er fleire tilsette i industrien (rundt 16 prosent mot åtte prosent) og ein omlag tilsvarande lågare andel i bedrifter som driv med privat tenesteyting.

Privat tenesteyting, frå butikktilsette og sjåførar til advokatar, er likevel den største gruppa målt i sysselsetting også på Nordvestlandet. Til saman utgjer sysselsette i privat og offentleg sysselsetting omlag 70 prosent av alle tilsette i Møre og Romsdal.

Publisert: 16.03.2023 08:23

Sist oppdatert: 16.03.2023 10:03

Mer om