Éin av fem som kan vinne millionen
Gründerar lanserer dugnadsløysing om kort tid.
Torsdag kveld er det finale i årets Næringsteft-konkurranse på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.
Gründarane i Ulstein-selskapet Dugano er mellom dei fem finalistane som håpar å gå heilt til topps. Det er til saman 2,3 millionar kroner i premiepotten og vinnaren stikk av med éin million som kan brukast til å vidareutvikle forretningsideen.
Kathrin Fjørtoft og Ellen Skodjevåg Bø er to av dei tre gründerane i selskapet, og fortel at dei uansett utfall har hatt stort utbyte av å vere med.
– Det har vore ei fantastisk kompetansereise der vi eigentleg har fått lære om alt som angår det å drive verksemd, seier Fjørtoft.
Sjå finalen i Næringsteft direkte - sendestart torsdag kl. 16.30 (ekstern lenke)
– Har lært mykje av kvarandre
Gründarane roser opplegget og arrangørane si evne til å få dei rette føredragshaldarane.
– Også har vi vore 50 deltakarar der vi har lært mykje av kvarandre sine idear, seier Bø.
Dei har også lært mykje om å ha trua på seg sjølve.
– Det er mykje positiv energi og alle heiar på kvarandre. Det gjer godt å vere saman med så mange flotte folk, seier Fjørtoft.
Hødd er pilotkunde
Saman med Ole Petter Fjørtoft har Dugano utvikla ei digital teneste som skal ta hand om «alt» kring dugnadsarbeidet til lag og foreiningar. Løysinga går ut på at til eksempel ein idrettsklubb kan ha sin eigen nettbutikk under dugano.no, med eit utval forbruksvarer.
Forretningsideen er kome langt forbi skrivebordstadiet, og gründerane har planar om å vere i business om kort tid. Første pilotkunden er også i boks, og idrettsklubben Hødd i Ulsteinvik blir først til å ta i bruk løysinga.
– Vi har gode avtaler på plass med leverandører av varer, og den første versjonen blir lansert snart, fortel Fjørtoft.
Vi har gode avtaler på plass med leverandører av varer, og den første versjonen blir lansert snart
Mål om fleire arbeidsplassar
Målet for dugnadsgründerane er at tenesta skal skape arbeidsplassar, både for dei sjølve og fleire.
– Målet er 12 tilsette og 400 klubbar som brukarar innan 2025, seier Bø.
– For at Dugano skal vere ei berekraftig bedrift på sikt, må vi har økonomisk bereevne. Vi må utvikle funksjonane og løysinga skal vere så solid at vi kan få til ei rask skalering, legg Fjørtoft til.
Vinnaren blir kåra torsdag
Dei fire andre finalistane i Næringsteft-konkurransen er Vest Aero Tech frå Kristiansund, Tingvoll Ull, Agriris på Tingvoll og Edge Kayak Design med adresse på Ellingsøya.
Vinnaren blir utropt torsdag kveld under Børs og Bacalao-arrangementet av Sparebank Møre-sjef Trond Nydal og prosjektleiar Linda Raftevold Grimstad.
I løpet av kvelden skal også Monika Hestad frå Brand Valley presentere si forsking på gründerar. Hareidsdølingen med professortittel i design vil mellom anna kome inn på korleis Nordvestlandet ligg an, samanlikna med resten av landet.
Kring 570 var onsdag påmeldt til årets Børs og Bacalao-kveld. I tillegg vil kring 50 personar på Stad og i Kristiansund følgje arrangementet digitalt.
Publisert: 16.03.2023 05:00
Sist oppdatert: 16.03.2023 19:37