Alt ser slett ikkje berre moerkt ut
OPTIMIST: Sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre meiner at oljeprisen vil vere lav lenge, men ser likevel mange positive trekk for Møre og Romsdal og resten av landet.
Nytt

- Alt ser slett ikkje berre mørkt ut

Oljeprisen stuper og arbeidsløysa aukar, men sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre åtvarar mot pessimisme.

19.01.2016
- Media flommar dagleg over av negative vibrasjonar, men vi må ikkje gløyme at det faktisk er vekst i verdsøkonomien.
- Ting ser slett ikkje berre mørkt ut, heller ikkje i Møre og Romsdal.
Det fastslo Inge Furre under eit møte i Fosnavaag Shippingklubb måndag.
Furre viste til at det slett ikkje berre var negative konsekvensar av lave oljeprisar, og han trekte fram ei rekkje næringar som opplevde gode tider som følgje av lav oljepris og lave renter.
- Sjå på fiskeri, oppdrett, reiseliv, næringsmiddelindustri og kjemisk industri. Innanfor fleire område går det betre enn nokon gong.

Stort sprik

Furre forventa ein moderat vekst i Møre og Romsdal i 2016, trass i forventningar om fallande investeringar innan oljerelatert industri, noko som har ført til at mange offshorereiarlag og anna oljerelatert industri slit.
- Rundt 20 prosent av alle tilsette i Møre og Romsdal arbeider i oljerelatert industri. Her vert det utfordringar vidare framover, og det vert større arbeidsløyse enn vi har i dag.
- Men i andre område går det godt. Vi forventar mellom anna auka sjømateksport og auka aktivitet i offentleg sektor.
- Det spesielle med dagens situasjon er at det er eit så stort sprik mellom næringar som går godt og dei som slit.

- Fleire må flytte

Han såg for seg at arbeidsløysa i fylket ville stige til rundt 3 prosent.
- Hittil har mange av dei som har mist arbeidet fått seg nytt arbeid i nærområdet, sa Furre.
Han rekna med at framover vert det verre å finne nytt arbeid for arbeidsledige olje- og offshorearbeidarar.
- Det strammar seg litt til. Framover trur vi at fleire vert nøydde til å flytte på seg for å få seg arbeid.

Oljepris-pessimist

Furre gav ingen forhåpningar til dei som leitar etter signal om at oljeprisen snart vil stige.
- Dagens situasjon vil vedvare i lang tid. Det er svært vanskeleg å finne drivarar som kan få prisen betydeleg opp.
Han vedgjekk at det store oljeprisfallet overraska, men poengterte at den høge dollarkursen også var ei medverkande årsak til oljeprisfallet.
- Uansett hadde ingen trudd at oljeprisen ville falle så mykje, og alt tyder no på at at det også vil gå lang tid før det vert balanse mellom tilbod og etterspørsel.
Furre rekna likevel med ein liten auke i sine oljeprisprognosar, og opererte med eit anslag på oljeprisen i 2016 på mellom 30 og 40 dollar fatet, og ytterlegare ti dollar opp i 2017.
Trass så lave nivå, reknar han med at BNP-veksten i Norge vil vere på 1,6 prosent i 2016 og 2,2 prosent i 2017.
- Verdsøkonomien tener totalt sett på lav oljepris. Det må vi heller ikkje gløyme, sa Furre.

Liten Kina-frykt

På verdsbasis meinte han at frykten for ei hard landing i Kina var betydeleg overvurdert, og hadde vekstanslag på sekstalet for Kina. Derimot såg han større utfordringar i framveksande økonomiar som Brasil og Russland.
- Uansett er verdsøkonomien i framgang, og det gjeld også for mange av dei viktigaste handelspartnerane til Norge.
- Det finst mange lyspunkt der ute, sa Furre.
Det spesielle med dagens situasjon er at det er eit så stort sprik mellom næringar som går godt og dei som slit

Publisert: 19.01.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52