Bilde 2022 04 26 112009763
NORDØYVEGEN: Fylket ser ut til å låne 657 millionar kroner mindre enn føresett til Nordøyvegprosjektet. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Nordøyvegen langt billegare enn føresett for fylket

Lånebehovet vert truleg redusert med 657 millionar kroner. Det gir reduserte kostnader for fylket.

26.04.2022

Nordøyvegen er det klart største fylkeskommunale prosjektet nokon gong. Heile prosjektet er først ferdig 27. august neste år, men alt no er det klart at fylket slepp å låne så mykje pengar som ein først trudde då Nordøyvegen vart vedtatt.

Fylkeskommunedirektøren opplyser at det hittil er tatt opp 2687 millionar kroner i lån, og at ein reknar med å ende på eit samla låneopptak på 3223 millionar kroner. Det er ein reduksjon på 657 millionar kroner frå opphaveleg budsjett. Lavare byggelånsrente og byggkostnadsindeks enn førsett er hovudårsakene.

Snitt på 48 millionar
Saka kom opp i fylkestinget etter at samferdsleutvalet bad fylkeskommunedirektøren bad om at det vart lagt fram ei kontantstraumanalyse av prosjektet.

Basert på det første heile driftsåret, viser analysen at ekstrakostnaden for fylkeskommunen vert 52,1 millionar kroner. I den neste tiårsperiode vil netto kontantstraum variere mellom minus 38 milliionar i 2031 til minus 62 millionar kroner i 2032, med eit snitt på minus 48 millionar. Grunnen til auken i 2032 er at det frå då av er sett av midlar til større rehabilitering av bruene og tunnelane.

Stor ferjeinnsparing
I 2023 er dei samla reduserte driftskostnadene på 143,5 millionar kroner, der sparte driftskostnader på ferjene er største innsparinga med 82,2 millionar kroner. I tillegg bidreg Ålesund kommune med 19,3 millionar kroner årleg gjennom lån på 360 millionar finansiert av Ålesund kommune.

Dei samla auka driftskostnaden er på 194,6 millionar kroner, der renter på lån utgjer 61,9 millionar kroner og avdrag utgjer 114,8 millionar.

I utgangspunktet hadde fylket lagt til grunn at dei sparte driftskostnadene for ferjesambandet Brattvåg - Dryna - Fjørtofta - Harøya kom til å vere på 68,8 millionar kroner.

Nye tal viser at dei reduserte driftskostnadene vert på 82,1 millionar kroner i 2023.

Usikre tal
Fylkeskommunedirektøren opplyser at fleire av anslaga er usikre. Størst usikkerheit er knytt til om ein framover kan leggje til grunn sparte hurtigbåtkostnader knytt til Nordøyvegruta.

I tillegg er nivået på ny 5-årig rentekompensasjonsordning for ferjeavløysingsprosjekt usikkert. Det kan bli både høgare eller lågare enn det fylket har lagt til grunn her.

Publisert: 26.04.2022 10:19

Sist oppdatert: 26.04.2022 16:00

Mer om