Toeft men betre for I P Huse
STØRRE INDUSTRIOMRÅDE: IP Huse-sjef Morten Hopland får stein frå tunellen mellom Harøya og Fjørtofta, som er ein del av Nordøyvegen. Foto Ogne Øyehaug/Kristin Vidhammer. Vidhammer.
Nytt

IP Huse utvidar industri-område

IP Huse får stein frå Nordøyvegen. Skal bruke den til å utvide industriområdet sitt.

31.01.2022

Industribedrifta IP Huse og Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått ein avtale om at IP Huse får 30.000 kubikkmeter stein frå tunellbygging på Harøya, i bytte mot å transportere steinen vekk.

I fem veker frå midten av februar skal steinen fraktast vekk frå tunellen og fram til IP Huse-anlegget på Steinshamn.

- Vi har jobba med å avhende store volum med tunnelstein i heile byggeperioden. Målet har vore at han skal kome samfunnet til gode. Difor er vi veldig glade for denne avtalen. Det er bra for samfunnet, Harøya, IP Huse og for oss, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Det er steinen på Harøysida som skal brukast til utfylling, steinen på Fjørtofta-sida blir lagra på Fjørtofta.

IP Huse-sjef Morten Hopland seier steinen skal brukast til å fylle ut eit område som er regulert til industri, sør for dagens anlegg.

Det er ingen konkrete planar om utbygging på området i dag, men Hopland seier selskapet ønskjer å fylle ut området når dette høvet byr seg.

Publisert: 31.01.2022 14:06

Sist oppdatert: 31.01.2022 14:06