Hornsea havvind vindkraft foto Patrick Harrison
– Havvind er den mest realistiske kraftkjelda som kan gi oss store nok volum, meiner Roger Pedersen, direktør for havvind i Offshore Norge. Foto: Patrick Harrison
Nytt

Noreg kan få stort kraftunderskot innan 2040

Rapport spår kraftig forbruksvekst og kraftmangel. NVE er usamd.

21.10.2025

(NPK-NTB): Noreg kan stå overfor eit stort kraftunderskot innan 2040 dersom det ikkje blir bygd ut meir fornybar energi, og då helst havvind, heiter det i ein fersk rapport.

Det åtvarar Menon Economics i rapporten «Scenarioer for norsk kraftbalanse – konsekvenser av norsk klima- og energipolitikk mot 2040», utarbeidd på oppdrag frå Offshore Norge.

Ifølgje analysen vil behovet for elektrisk kraft auke kraftig dei neste 15 åra. Menon Economics har vurdert tre scenario for framtidig kraftbehov, basert på Statnetts og NVEs analysar, og samanlikna dei med eit scenario der dagens energipolitikk blir vidareført utan nye vedtak om utbygging.

Spår kraftig forbruksvekst og kraftmangel
Dagens forbruk her i landet er om lag 135 terawattimar (TWh) årleg, medan produksjonen er på rundt 157 TWh. Vi har altså eit greitt kraftoverskot i dag.

I 2040 blir forbruket rekna til 172 TWh (NVE basis), 196 TWh (klimamål-scenario) eller 215 TWh (Statnetts høgscenario). Det svarer til ein vekst på 2–3 prosent årleg i norsk kraftforbruk. Til saman omtrent 45 til 60 prosent fram mot 2040.

Samtidig er produksjonen berre venta å auke til 176 TWh – dersom det ikkje blir gjennomført nye tiltak.

– Analysen vår viser at Noreg kan stå overfor eit kraftunderskot på mellom 20 og 40 TWh i 2040 dersom det ikkje blir teke politiske grep for å auke tempoet i utbygginga av ny kraftproduksjon, seier Even Winje i Menon Economics.

Det er to hovudårsaker til etterspurnadsveksten. Overgangen til eit lågutsleppssamfunn som omfattar elektrifisering av transport, industri og petroleumssektoren. For det andre er det ein ambisjon om å leggje til rette for ny industri, noko som også vil auke straumforbruket, heiter det.

NVE usamd – trur på kraftoverskot
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er likevel usamd. Dei meiner at Noreg kjem til å ha eit kraftoverskot i 2040.

– I NVEs langsiktige kraftmarknadsanalyse anslår vi at Noreg vil ha eit kraftoverskot i 2040 i eit normalår, seier seksjonssjef Magnus Buvik.

Dei har lagt til grunn tiltaka som er vedtekne, og dessutan det dei kallar «fundamentale langsiktige drivarar».

– Vi legg til grunn ein stor forbruksvekst mot 2040, men trur ikkje at denne vil komme uavhengig av utviklinga i kraftproduksjonen. Utviklinga på forbruks- og produksjonssida heng saman og skjer ikkje i eit vakuum, seier Buvik.

Han viser til at eit eventuelt kraftunderskot vil gi høgare kraftprisar.

– Dette kan igjen påverke nytt og eksisterande kraftforbruk, og utbygging av ny kraftproduksjon, seier Buvik.

Offshore Norge vil ha havvind

Menon peikar på at eit aukande gap mellom produksjon og forbruk kan føre til meir kraftimport, lågare kraftinntekter, høgare straumprisar, mindre industrietablering og at klimamåla blir sette i fare.

Direktøren for havvind i Offshore Norge slår, ikkje uventa, eit slag for havvind – offshore.

– Skal vi nå klimamåla og bli klimanøytrale, og samtidig sikre oss moglegheiter for vidare industriell vekst, er havvind den mest realistiske kraftkjelda som kan gi oss store nok volum, seier Roger Pedersen, direktør for havvind i Offshore Norge.

(©NPK)

Publisert: 21.10.2025 13:07

Sist oppdatert: 21.10.2025 13:07

Mer om