Acquino Vimal ambassador alesund Foto Marius Rosbach
MIDDELKLASSE I STERK VEKST: Indias ambassadør til Norge, Dr. Acquino Vimal, meiner norske eksportørar av fisk og sjømat bør satse på den sterkt veksande middelklassen i India som er i ferd med å utvikle nye vanar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Norsk laks blir snart 30 prosent billigare i India

Fleire gode grunnar til at norske bedrifter bør vurdere å satse no, fortel ambassadør på Ålesund-besøk.

Marius Rosbach
22.05.2024

Norsk næringslivet har store moglegheiter både til å finne nye marknader og nye partnarar i India som følgje av den nye frihandelsavtalen.

Det var hovudbodskapen frå både Innovasjon Norge og Indias ambassadør til Norge, Dr. Acquino Vimal, under eit besøk i Ålesund onsdag.

– India har noko for alle, rett og slett på grunn av storleiken, sa ambassadøren til Nett No undervegs i besøket.

Torsdag går turen til Molde der Ikuben og Innovasjon Norge arrangerer eit tilsvarande møte.

Middelklasse som veks svært raskt
Samtidig understreka ambassadøren at India både er eit land med store variasjonar, samtidig som det er i sterk endring.

Hans oppleving er at mange utlendingar si oppfatning av landet, er utdaterte. Han fortalde at ei ung og veksande befolkning gjer at mange marknader er i stor endring.

– Vi har ein middelklasse som veks svært raskt og som utviklar nye vanar og forbruksmønster, seier han.

Då er det samtidig viktig å vere til stades i marknaden på rett tidspunkt.

– Om produktet ikkje er der når den gruppa menneske utviklar nye vaner, så vil dei kanskje velje noko anna, legg han til.

Med den ferske handelsavtalen mellom India og EFTA-landa på plass, meiner han tida er gunstig for norske bedrifter å satse.

Caspar Fabini Innovasjon norge Foto Marius 11
NY AVTALE: Caspar Fabini er spesialist på internasjonale handelsavtaler hos Innovasjon Norge, og fortalde om konsekvensane av den nye frihandelsavtalen mellom India og EFTA-landa. Foto: Marius Rosbach

– Bør ikkje forsøke å erstatte indiske fiskeslag
Det samla konsumet av fisk og sjømat i India er åleine høgare enn den samla norske eksporten av sjømat. Ambassadøren er ikkje i tvil om at det er store moglegheiter for denne sektoren som følgje av den nye handelsavtalen.

Om til eksempel berre ein prosent av Indias befolkning vil gå over til å ete norsk laks, så vil det dreie seg om 14 millionar menneske.

Samtidig meiner ambassadøren at ein ikkje nødvendigvis bør satse på å endre vanar – men i staden skape nye.

– Norske eksportørar bør ikkje forsøke å erstatte indiske fiskeslag. Det vil ikkje skje i stort volum, fordi det dreiar seg om andre forbrukarar. I staden bør dei konsentrere seg om den delen av marknaden som er i vekst, legg han til.

India besok nmk salen foto marius 11
AKTUELLE BRANSJAR: Maritim industri, fiskeri og oppdrett og ulike formar for kraftproduksjon, er mellom bransjar som blir trekt fram som særleg aktuelle for å satse i India. Foto: Marius Rosbach

Vil møte langt lågare tollsatsar
I store byar blir det allereie selt laks, men det er avgrensa tilbod, ikkje minst grunna høgt prisnivå.

Med den nye handelsavtalen vil lågare avgifter gjere at prisen på laks vil gå ned med kring 30 prosent dei neste åra.

Vimal er ikkje i tvil om at det vil opne nye dører.

– Dei som engasjerer seg, vil få moglegheiter, seier han.

Moglegheiter for både sal og produksjon
Ambassadøren meiner spesielt norske teknologiselskap vil ha moglegheiter til å finne både nye kundar og samarbeidspartnarar i India.

– Om dei vurderer å produsere eller selje teknologien i India, vil moglegheitene vere langt større, ikkje minst fordi vi opplever kraftig vekst på fleire område, fortel han.

I tillegg til maritim og marin industri, peiker ambassadøren på fornybar energi som eit spesielt interessant område. Det gjeld mellom anna smarte løysingar for solenergi og vindkraft, men også meir tradisjonell kraftproduksjon.

– Og om du lukkast på den indiske marknaden, kan du vere trygg på at du også vil lukkast i andre utviklingsland, meiner Vimal.

Publisert: 22.05.2024 12:49

Sist oppdatert: 23.05.2024 12:07

Mer om