Runar Haugen Innovasjon Norge
INDIABESØK: India sin ambassadør til Norge er på besøk i regionen i desse dagar. Onsdag og torsdag inviterer Runar Haugen i Innovasjon Norge til møter saman med Blue Maritime i Ålesund og Ikuben i Molde. Arkivfoto
Nytt

Stor interesse for møte med India-ambassadør

Støre meiner frihandelsavtale kan bli mellom dei viktigaste etter EØS. No får bedriftene i regionen høyre om moglegheitene.

Marius Rosbach
22.05.2024

Det ligg det an til storfint besøk når India sin ambassadør kjem på besøk til Nordvestlandet nokre dagar.

Først blir det frukostseminar i samarbeid med Blue Maritime i Ålesund onsdag. Deretter blir det lunsjmøte i samarbeid med Ikuben i Molde torsdag.

– Vi har invitert ulike selskap frå regionen som kan ha potensiale i India, fortel Internasjonaliseringsrådgivar Runar Haugen i Innovasjon Norge til Nett No.

Flest frå maritim og marin bransje
Bakteppe er naturlig nok den nylege frihandelsavtalen mellom Norge og India, som mellom anna skal gi norske bedrifter betre tilgang til den enorme marknaden som det asiatiske landet utgjer.

Haugen fortel at interessa har vore stor for å vere med, og dagen i forvegen hadde dei i underkant av 30 personar på lista. I Molde hadde dei notert seg kring 20 påmelde i forkant.

– Det er flest selskap frå den maritime klynga, men også ein del marine verksemder, fortel han.

Vil møte langt lågare tollsatsar
Under besøket vil det mellom anna bli informert om kva handelsavtalen vil bety i praksis for norske bedrifter.

Éin ting er at fleire etter kvart vil møte langt lågare tollsatsar i India i åra framover.

– Vi vil ha ein gjennomgang av korleis nedtrappinga av tollsatsane er tenkt framover. Det vil bli interessant for fleire og jobbe meir med den marknaden, ettersom norske bedrifter vil bli meir konkurransedyktige, seier Haugen.

Kulturforståing og praktiske ting
På besøket deltek i tillegg til Indias amassadør til Norge, Dr. Acquino Vimal, spesialist på internasjonale handelsavtaler hos Innovasjon Norge, Caspar Fabini og direktør for Innovasjon Norge i India, Cristian Valdes Carter.

Opplegget i Ålesund og Molde vil også ta føre seg kulturforståing og praktiske tips for korleis ein best kan gjere business i India. Innovasjon Norge vil også fortelje kva dei kan bidra med.

Har høge tollmurar i dag
Då avtalen blei underskrive uttalte statsminister Jonas Gahr Støre at han meinte det kunne bli den viktigaste avtalen sidan EØS-avtalen blei signert.

India har i stor grad vore eit proteksjonistisk land, og norske bedrifter har møtt tollsatsar på opptil 40 prosent.

Ifølgje den nye avtalen vil kring 90 prosent av norsk eksport sleppe toll.

Publisert: 22.05.2024 05:00

Sist oppdatert: 21.05.2024 20:15

Mer om