Norsk oljeindustri noedvendig for aa utvikle miljoevennleg energi
OLJE: Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, administrerande direktør i bransjeforeininga Norsk olje og gass, opna årskonferansen i Oslo torsdag. Han meiner at oljeindustrien framleis er nødvendig for å dekke energibehova i verda, men i tospann med fornybar energi. 
Nytt

– Norsk oljeindustri nødvendig for å utvikle miljøvennleg energi

Fornybar energi kan ikkje erstatte olje og gass, som dekker fire femdelar av energibehovet i verda. 

15.03.2019
NPK-NTB: Det meiner Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass.
Torsdag opna Schjøtt-Pedersen bransjeforeininga Norsk olje og gass' årskonferanse i Oslo.
Den tidlegare politikaren og statsråden er no direktør i foreininga og innleidde den årlege konferansen med å peike på at fossile energikjelder står for fire femdelar av det totale energibehovet i verda.

- Treng olje og gass

Schjøtt-Pedersen trur ikkje at det er mogleg å legge ned oljeproduksjonen sjølv om bruken av fornybar energi aukar kraftig, noko som er heilt nødvendig for å få utsleppa ned.
Han peika i opningstalen sin på at FNs klimapanel har berekna kva som må til for å halde temperaturauken under 1,5 grader.
– Det viser tvert imot at ein firedel av den energien verda treng i 2050, må komme frå olje og gass, sa Schjøtt-Pedersen.
Han peika på at norsk oljenæring skal ligge fremst i det digitale skiftet og finne dei smartaste løysingane for ein meir miljøvennleg teknologi for å gi meir energi med mindre utslepp.

Gass framfor kolkraft

Bruk av gass gir til dømes halvparten så store utslepp som kolkraft, og utviklinga går no i retning av at bruk av gass kan skje heilt utan utslepp.
Konferansen samlar toppar frå oljenæringa og leverandørindustrien, saman med samfunnstoppar, politikarar og organisasjonsleiarar. Både tidlegare generalsekretær i Nato, danske Anders Fogh Rasmussen, og noverande generalsekretær Jens Stoltenberg er blant dei som deltar.

Publisert: 15.03.2019 15:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32