Sølve Høyrem 3 prirazlomnaya dark gazprom neft
ARKTIS: Skipsmeklar Sølve Høyrem (innfelt) meiner det vert uaktuelt for norske offshorefartøy med russiske oppdrag i år, som ved Prirazlomnoye-oljefeltet. Foto: Westshore/Gazprom Neft
Nytt

Kan berre gløyme oppdrag i Russland

- Det vil ikkje vere aktuelt for norske offshorefartøy å operere for russiske selskap i år.

24.02.2022

Det seier skipsmeklar Sølve Høyrem i det Kristiansand-baserte skipsmeklarselskapet Westshore.

Ei rekke land er i ferd med å setje i verk omfattande sanksjonar mot Russland etter angrepet mot Ukraina.

Mykje boring på gang
Blant anna vil ein gjennom sanksjonane prøve å ramme selskap og institusjonar som er viktige for den russiske økonomien.

- Vi går ut frå at det betyr at ingen offshoreskip frå norske eller andre vestlege selskap får oppdrag for russiske selskap under årets sommarkampanjer, seier Høyrem.

Russland har siste åra auka leitinga etter olje og gass i Arktis, og har blant anna planlagt fleire kampanjer utanfor Sakhalin.

Russiske oljeselskap som Gazprom, Novatek og Rosneft har planlagt boreprogram i sommarsesongen, normalt frå mai til oktober, då det er isfritt.

Akkurat no sluttar Lundin ankerhandlarar til opptil ein halv million kroner dagen
Sølve Høyrem

- Ikkje verste året
Sølve Høyren seier at siste åra har det vore normalt at fem til ti norske skip har fått oppdrag med russiske oljeselskap, i første rekke ankerhandlarar med lett isklasse.

- Dette har igjen ført til ein betre balanse i Nordsjøen. I år reknar vi med at ingen skip får arbeide på russisk sokkel.

Han seier at nettopp i år vil dette truleg ikkje få så store samla konsekvensar.

- Med ein oljepris på over 100 dollar fatet, ser vi no at ei rekke oljeselskap aukar aktiviteten og planlegg å gjere investeringar som lenge låg på is.

Ratehopp
Han seier at det ser slett ikkje så verst ut framover på litt sikt.

- Ratene er på veg opp. Akkurat no sluttar Lundin ankerhandlarar til opptil ein halv million kroner dagen.

- Det er slett ikkje så verst, seier Høyrem.

Publisert: 24.02.2022 11:10

Sist oppdatert: 24.02.2022 13:19

Mer om