Nortel-aksjonærane får pengar på konto
Salet av ålesund-selskapet er gjennomført.
8. september vart det klart at Unifon hadde fått aksept for tilbodet på 27,50 kroner per aksje frå 99,4 prosent av aksjonærane.
I ei børsmelding onsdag opplyser Nortel at salet som prisa selskapet til 517 millionar kroner, er gjennomført.
Ulik betaling til aksjonærane
Dei største aksjonærane får betalt med ein kombinasjon av kontantar og aksjar i Unifon-systemet, slik at dei blir med vidare på eigarsida etter salet.
Aksjonærar som eig mindre enn to prosent, får oppgjer i kontantar. Dei som har akseptert tilbodet vil få kontantoppgjer til sine konti i løpet av torsdagen, går det fram av meldinga.
Blir innlemma i Unifon
Med over 90 prosent eigarskap kan Unifon tvangsinnløyse resten av aksjane, noko dei har til hensikt å gjere.
Planen er å innlemme mobiltelefoniselskapet i Ålesund i Unifon-systemet slik at to konkurrentar blir eitt selskap.
Les også
E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth
Publisert: 20.09.2023 15:23
Sist oppdatert: 20.09.2023 15:26