Kay Ove Rotsethornet
NYE HØGDER: Konsernsjef Kay Ove Johansen etablerer no NOG Infra, som skal arbeide i høgda. Bilete er teke i høgda, på Rotsethornet i Volda. Foto: Privat
Nytt

Norwegian Group etablerer nytt datterselskap

Satsar på infrastruktur for kommunikasjon.

Selskapet vil heite NOG Infra, melder Norwegian Group i ei pressemelding.

Dei vil arbeide med totalentreprise-prosjekt på land med spesiell vekt på EKOM (elektronisk kommunikasjon) og 5G-infrastruktur, samt arbeid i høgda.

NOG Infra har allereie 14 tilsette, og har etablert kundeforhold med Nte as, Neas og Nordvestfiber.

– Utvidinga er eit bevisst steg for å styrke oss og sikre arbeidsplassar i eit tøft, økonomisk landskap, fortel konsernsjef, Kay Ove Johansen.

Vil vere integrert
Det nyetablerte selskapet vil operere som ein integrert del av Norwegian Group, og samarbeide med allereie eksisterande einingar.

– Initiativet demonstrerar ikkje berre vår forplikting til berekraftig vekst, men også engasjementet for å skape positive ringverknadar i lokalsamfunnet, heiter det i pressemeldinga.

Fleire felt
Norwegian Group blei etablert i 2002, og har hovudkontor i Volda.

Dei brukar klatre- og sikringteknikk frå fjellklatring for å kunne utføre arbeid på installasjonar og anlegg der stillas er dyrt og vanskeleg å ta i bruk.

I fjor fekk konsernet mellom anna oppdrag på Hywind Tampen, verdas første flytande vindpark til havs. Det er ein jobb som har gitt arbeid til omlag 50 personar frå fleire av datterselskapa i konsernet.

Selskapet har kring 400 tilsette, og har avdelingar i Ålesund, Isfjorden, Valldal, Kristiansund, Bergen, Stavanger, Riga og Marbella.

Koj Holding as (Norwegian Group-konsernet)

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt278,0195,3
Driftsresultat23,07,0
Resultat før skatt21,06,1
Vertikal Service as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt89,459,9
Driftsresultat-2,12,2
Resultat før skatt-2,32,0

Publisert: 01.12.2023 10:15

Sist oppdatert: 01.12.2023 10:52