NOG Norwegian Group Kay Ove Johansen Foto NOG
VINDKRAFTOPPDRAG: Konsernleiar Kay Ove Johansen i Norwegian Group i Volda, som saman med datterselskap har ei rekkje ulike oppdrag på Hywind Tampen. Foto: Norwegian Group
Nytt

Vekst i luftige jobbar

Volda-selskap overtek 31 tilsette frå konkurrent som gjekk konkurs. Har fått over tre gangar høgare inntekter på to år.

06.09.2023

Norwegiang Group-konsernet, med hovudkontor i Volda, har gått frå 80 millionar kroner i driftsinntekter i 2020 til 278 millionar kroner i 2022.

No har selskapet overtatt 31 tilsette frå Stavanger-selskapet Can i Stavanger, som gjekk konkurs i august. Det styrkar Norwegian Group si stilling i Stavangerområdet, gir dei tidlegare Can-tilsette ny jobb og viser at Norwegian Group er ein attraktiv arbeidsgivar, skriv Norwegian Group på Linkedin.

Klatreteknikk
Norwegian Group brukar klatre- og sikringteknikk frå fjellklatring for å kunne utføre arbeid på installasjonar og anlegg der stillas er dyrt og vanskeleg å ta i bruk.

I fjor fekk konsernet mellom anna oppdrag på Hywind Tampen, verdas første flytande vindpark til havs. Det er ein jobb som har gitt arbeid til omlag 50 personar frå fleire av datterselskapa i konsernet.

– Vi starta i mai i år, og vil truleg halde på til godt utpå hausten 2023, sa konsernleiar Kay Ove Johansen i Norwegian Group til NETT NO i fjor.

Vekst for Vertikalservice
Vertikalservice, som også har adresse i Volda, og driv same bransje, hadde ein kraftig vekst i fjor (sjå resultattabell under) og veks vidare i år.

I 2023 ligg driftsinntektene an til å bli 121 millionar kroner, sa grunnleggar, hovudaksjonær og driftsdirektør Åsmund Vaage til NETT NO i mars i år.

I fjor investere selskapet tungt i utvikling og kompetanseheving. Det gjorde at selskapet gjekk ut av 2022 med minusresultat, men investeringane betaler seg i år sa han.

Koj Holding as (Norwegian Group-konsernet)

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt278,0195,3
Driftsresultat 23,07,0
Resultat før skatt21,06,1
Vertikal Service as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt89,459,9
Driftsresultat-2,12,2
Resultat før skatt-2,32,0

Publisert: 06.09.2023 11:25

Sist oppdatert: 07.09.2023 08:03

Mer om