Norwegian Hydrogen i Ålesund og nederlandske/islandske Samskip har inngått eit såkalla "Memorandum of understanding".
Planen er at Norwegian Hydrogen skal levere hydrogen frå sitt fabrikkanlegg på Rjukan til to containerskip som Samskip skal få bygd for å trafikkere strekninga Rotterdam-Oslo.
Dei to skipa blir dei to første containerskipa i verda som vil bruke hydrogen som energiberar fortel selskapa ei felles pressemelding. Hydrogen laga på elektrisitet frå vasskraft er ein energiberar som ikkje gir CO2-utslepp.
Jobbar for bindande avtale
Avtalen med Samskip er av "en slik karakter og modenhet at også kunden ønsker å gå ut med det. Vi arbeider nå tett for å formalisere endelig avtaleverk.", skriv Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge i ei epost til Nett No.
Norwegian Hydrogen planlegg å levere den første hydrogenen frå anlegget på Rjukan i 4.kvartal 2028. Når dei to skipa, som skal vere klare i 2027, er i full drift på hydrogen vil dei ta unna ein vesentleg del av kapasiteten til anlegget, ifølgje Berge.
Lite konkurranse
Berge meiner Norwegian Hydrogen no har ein sterk posisjon i marknaden.
"Det vil ikke bli bygget mange anlegg for flytende hydrogen i de aller nærmeste årene (per i dag er det nærmeste anlegget i Tyskland), så når vi har regulert grunn, nett-tilknytning, en god kraftkjøpsavtale samt solid støtte fra både EU og Innovasjon Norge, sier det seg selv at det skal bli svært vanskelig å konkurrere med oss i overskuelig fremtid.", skriv han i eposten.
Les også
Får støtte på over 360 millioner kroner for å bygge sitt største anlegg i Norge.
Både EU-støtte og støtte frå Innovasjon Norge til Norwegian Hydrogens fabrikk på Rjukan.
MMC First Process skal levere komplett prosessfabrikk til landbasert oppdrettsanlegg.
Publisert: 08.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 07.01.2026 19:41






