NPK-NTB/NETT NO: I november vart det eksportert sjømat for 9,4 milliardar kroner. Det er ein nedgang i verdi på 11 prosent samanlikna med november i fjor.
Med det vart det selt sjømat til utlandet for 1,2 milliardar kroner mindre enn i november i fjor.
– Norsk sjømateksport merkar no verkeleg effekten av ein hotell- og restaurantsektor som meir eller mindre er nedstengt i Europa. I tillegg blir gjerne ete tradisjonsprodukt som klippfisk og tørrfisk i større middagsselskap med venner og familie. Når slike samlingspunkt blir avgrensa, går det ut over etterspurnaden, seier direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgjenge Tom-Jørgen Gangsø i Noregs sjømatråd, i ei pressemelding.
Hittil i år er det eksportert sjømat for 96,6 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 1 milliard kroner, eller éin prosent, målt mot same periode i fjor.
Det ligg det ikkje an til i år.
For første gang sidan 2012 får vi truleg eit år der verdien av sjømateksporten fell, mellom anna på grunn av nedgangen i hotell- og restaurantmarknadne på grunn av koronaepeidemien, skreiv rådgivar Kay Ove Hafsås i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt i eit innlegg i NETT NO i september i år.
– Det store julesalet må i år dekkast av detaljhandelen, men det vil ikkje vere nok til å vege opp for bortfallet av etterspurnaden frå restaurantane. Eit resultat av dette er ein betydeleg redusert pris for dei fleste av sjømatprodukta, seier Tom-Jørgen Gangsø.
Polen, Danmark og Frankrike var dei største marknadene for norsk sjømat i november.
– Men sett under eitt vil eg seie at næringa har klart seg bra gjennom krisa. Koronasituasjonen har skapt utfordrande marknadsforhold, men aktørane i næringa har gjort ein stor jobb for å tilpasse seg situasjonen, seier Ingebrigtsen til NTB.
Han understrekar at sjølv med ein verdinedgang i november ligg sjømateksporten i koronaåret 2020 på eit høgt nivå samanlikna med tidlegare år.
– Medan eksporten av enkelte produkt er redusert som følgje av koronasituasjonen, er det andre produkt som klarer seg godt gjennom krisa. Totalt sett ligg vi an til å bryte den magiske grensa på 100 milliardar kroner i eksportverdi for norsk sjømat. Dette er svært gledeleg, teke i betraktning av at vi er i ein ekstraordinær situasjon, seier Ingebrigtsen.
Med det vart det selt sjømat til utlandet for 1,2 milliardar kroner mindre enn i november i fjor.
– Norsk sjømateksport merkar no verkeleg effekten av ein hotell- og restaurantsektor som meir eller mindre er nedstengt i Europa. I tillegg blir gjerne ete tradisjonsprodukt som klippfisk og tørrfisk i større middagsselskap med venner og familie. Når slike samlingspunkt blir avgrensa, går det ut over etterspurnaden, seier direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgjenge Tom-Jørgen Gangsø i Noregs sjømatråd, i ei pressemelding.
Hittil i år er det eksportert sjømat for 96,6 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 1 milliard kroner, eller éin prosent, målt mot same periode i fjor.
Rekord i fjor
2019 enda med ein eksport på 107 milliardar kroner, som er rekord.Det ligg det ikkje an til i år.
For første gang sidan 2012 får vi truleg eit år der verdien av sjømateksporten fell, mellom anna på grunn av nedgangen i hotell- og restaurantmarknadne på grunn av koronaepeidemien, skreiv rådgivar Kay Ove Hafsås i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt i eit innlegg i NETT NO i september i år.
Sterk november i fjor
Gangsø understrekar at november i fjor var svært sterk. Han meiner samtidig at verdifallet hadde vore større om ikkje den norske krona hadde vore så svak.– Det store julesalet må i år dekkast av detaljhandelen, men det vil ikkje vere nok til å vege opp for bortfallet av etterspurnaden frå restaurantane. Eit resultat av dette er ein betydeleg redusert pris for dei fleste av sjømatprodukta, seier Tom-Jørgen Gangsø.
Polen, Danmark og Frankrike var dei største marknadene for norsk sjømat i november.
– Ligg an til å bryte magisk grense
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) seier at sjømatnæringa til liks med resten av næringslivet er prega av koronasituasjonen.– Men sett under eitt vil eg seie at næringa har klart seg bra gjennom krisa. Koronasituasjonen har skapt utfordrande marknadsforhold, men aktørane i næringa har gjort ein stor jobb for å tilpasse seg situasjonen, seier Ingebrigtsen til NTB.
Han understrekar at sjølv med ein verdinedgang i november ligg sjømateksporten i koronaåret 2020 på eit høgt nivå samanlikna med tidlegare år.
– Medan eksporten av enkelte produkt er redusert som følgje av koronasituasjonen, er det andre produkt som klarer seg godt gjennom krisa. Totalt sett ligg vi an til å bryte den magiske grensa på 100 milliardar kroner i eksportverdi for norsk sjømat. Dette er svært gledeleg, teke i betraktning av at vi er i ein ekstraordinær situasjon, seier Ingebrigtsen.
Publisert: 03.12.2020 08:53
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:13