NTP: 445 mill. til Lerstad-Breivika
Og Ålesund får millionar via regionby-ordning.
Regjeringa vil sette av 445 millionar kroner i første periode av Nasjonal Transportplan for 2022-2033 til E136 Lerstad-Breivika.
Det kjem fram i ei pressemelding frå regjeringspartia fredag.
Kostnaden for heile prosjektet er på om lag to milliardar kroner. I tillegg kjem bompengar.
I forslaget til ny transportplan som blir lagt fram neste veke, får også Ålesund og fire andre regionbyar 600 millionar kroner over fire år. Det kan betyr om lag 120 millionar til Ålesund.
– Vi veit ennå ikkje korleis denne ordninga skal innrettast, men vi veit at dette vil bety millionar av kroner frå staten til å betre kollektivtilbodet og gjere det lettare og tryggare å sykle og gå. Dette vil bety mykje for innbyggjarane våre, og vi er svært glade i dag, uttalar ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) til kommunen si heimeside.
Publisert: 12.03.2021 11:37
Sist oppdatert: 12.03.2021 11:51