Møreaksen innfelt frank sve illustrasjon 11
SEIER NEI: Frank Sve (Frp) er tydeleg på at partiet ikkje vil inngå ein avtale om nasjonal transportplan som inneheld Møreaksen. Illustrasjon: Rambøll
Nytt

Frp vil ikkje godta NTP med Møreaksen

Men Ap står fast på si støtte til fjordkryssingane på E39.

Marius Rosbach
10.03.2021

Onsdag vart det stadfesta at regjeringspartia går inn for Møreaksen i sitt forslag til Nasjonal Transportplan (NTP), som blir lagt fram neste veke.

Helge Orten (H) viste til at vegvesenet har opplyst at det er mogleg med byggestart i 2023/24, som betyr at vegen kan stå klar kring 2030.

Men først treng regjeringa fleirtal i Stortinget. Framstegspartiets Frank Sve har tidlegare vore kritisk til å bygge Møreaksen, og har ikkje endra meining.

– Dei får ikkje vår støtte, seier han kategorisk til NETT NO og seier at han har støtte frå både påtroppande partileiar Sylvi Listhaug og resten av partiet i det synet.

Ap vil ha Møreaksen
Arbeidarpartiets sin transportøkonomiske talsperson, Sverre Myrli, seier til NETT NO at partiet står på si støtte både til Møreaksen, Hordfast og Rogfast.

– Vi har ikkje endra oppfatning og står på dei prioriteringane vi har hatt, seier han.

Ap kan saman med regjeringspartia sikre fleirtal for prosjekta.


Vil ha fjordkryssing til Nye Veier

Det statseigde selskapet Nye Veier har teke over ansvaret for utbygging og drift av ein rekke prosjekt frå vegvesenet, og skal prioritere ut frå samfunnsøkonomisk nytte.

Nyleg blei det kjent at E136 gjennom Romsdalen er blitt flytta over i Nye Veier si portefølje. Hit vil også Frank Sve ha fjordkryssinga over Romsdalsfjorden.

– Vi ønsker å flytte E39 Ålesund-Molde til Nye Veier. Då vil mellom 25-30 milliardar (prisen for Møreaksen, journ. anm.) bli teke ut av NTP-en, og det vil opne for vesentleg meir pengebruk i Møre og Romsdal på andre prosjekt, seier Sve.

– Eg trur det kan vere mogleg å få til det i forhandlingane, legg han til.

Vil prioritere andre prosjekt i NTP
Frank Sve viser til Blindheim-Breivik, Lerstadvegen, Voldatunnelen og Veibustkrysset i Sula som aktuelle prosjekt på Sunnmøre, han vil prioritere i staden.

Frp-politikaren er også provosert over at Helge Orten i møte med pressa onsdag opplyste at Romsdalsaksen – det andre fjordkryssingsalternativet – ikkje har vore tema i arbeidet med forslaget til transportplan.

– Når ein behandlar ein nasjonal plan er det sjølvsagt at alle løysingar og alternativ skal vere med i grunnlaget, seier Sve.

Han viser til at Nye Veier har opplyst at dei vil utgreie alle alternativ – og seier at Frp vil gå inn for det selskapet kjem fram til.

Publisert: 10.03.2021 15:37

Sist oppdatert: 11.03.2021 08:18