Sulesund ferjekai foto kjetil
TRENG STRAUM: Elektrifisering av ferjene aukar etterspørselen etter straum og dermed etterspørselen etter større overføringskapasitet. Mørenett planlegg store investeringar i nettet når selskapet får overta deler av Statnett sine kraftliner i Romsdal og på Nordmøre. Biletet viser utbygging av ny ferjekai på Sulesund, der ferjen no går på elektrisitet.
Nytt

NVE-ja til Mørenett-kjøp

Mørenett får tommelen opp for å overta deler av Statnett-sine kraftliner på Nordmøre og i Romsdal. Skal betale 428 millionar.

10.02.2021

NVE, Norges vassdrag og energidirektorat varslar i eit brev aktørane i kraftbransjen i Møre og Romsdal om at direktoratet vil seie ja til at Mørenett får kjøpe deler av Statnett sitt nett på Nordmøre og Romsdal. Innvendingane frå kraftbransjen på Nordmøre og Romsdal og frå fylkesutvalet i Møre og Romsdal fekk ikkje gjennomslag.

Vedtaket i NVE er nest siste formaliteten før kjøpet av det 400 kilometer lange nettet kan gjennomførast. Vedtaket kan klagast til Olje- og energidepartementet.

428 millionar kroner
Mørenett og Statnett gjorde i november 2020 intensjonsavtalen dei hadde om kjøp om til ein bindande avtale, med atterhald om godkjenning frå NVE.

Mørenett skal betale 428 millionar kroner for Statnett sitt nett, og får med det eit samanhengande nett i heile Møre og Romsdal fylke. Med i prisen er verdien av investeringar som Statnett gjer i nettet før eigarskiftet.

Les også: Statnett sel til Mørenett

Fylkesutvalet mot
Fleirtalet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i starten av november 2020 at det ikkje vil at Mørenett skal overta Statnett sitt regionnett i Romsdal og på Nordmøre. I staden bør nettet delast mellom Mørenett og Nordmøre og Romsdal regionalnett, som er eit samarbeid mellom nettselskapa på Nordmøre og i Romsdal, meiner fleirtalet.

Fylket har ikkje eigarskap i nettet, og er dermed utan mynde til å stogge avtalen.

Les også: Vil dele Statnett-linjer i to

Best for kundane
Mørenett arbeider for å samle nettselskap i Møre og Romsdal under ein paraply og har argumentert med at kundane kjem best ut av det om Mørenett får overta den delen av nettet som Statnett vil selje.

- Berekningane våre viser at på sikt vert det gunstigare for kundane på Nordmøre med Mørenett som kjøpar. Med høge nettleigetariffar nord i fylket burde dette være viktig. Mørenett har allereie den lågaste nettleiga i fylket, skreiv Mørenett-sjef Rune Kiperberg i ei pressemelding i fjor.

Om Mørenett får overta i Romsdal og på Nordmøre, er planen å investere 400 millionar kroner i nettet der innan fem år, sa Kiperberg til NETT NO ifjor.

Les meir: Vil kjøpe og bygge for 750 millionar

Publisert: 10.02.2021 11:45

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:17

Mer om